Hopp til innhold

Til Rikshospitalet med komplisert armbrot etter arbeidsulukke

Ein mann i 50-åra blei i går ettermiddag send til Rikshospitalet med skadar i ein arm etter eit arbeidsuhell ombord på ein båt i Årdal.

Etter det politiet kjenner til er det snakk om eit komplisert brot i armen.

– Det var i forbindelse med fortøyining av ein slepebåt at stroppen traff underarmen hans slik at han vart skada, fortel lensmann Magne Knudsen.

Politiet fekk melding om ulukka like etter klokka 15 onsdag.

Ved Rikshospitalet kunne dei onsdag kveld berre seie at mannen var under behandling.

– Etter det me veit, so er det eit ganske komplisert brot i underarmen, seier lensmann Knudsen.

– Me har vore på staden, teke avhøyr og rutinemessige promillekontrollar. Det er ingen mistanke om promille verken hjå den skadde eller resten av mannskapet. Me har også gitt tilbod om krisehjelp til dei som var ombord i båten.