Hopp til innhold

Stoppa bil med store manglar

Ein sjåfør i Nordfjord mista førarkortet då han blei stoppa av politiet.

Operasjonssentralen hos politiet fekk melding om stygg køyring på riksveg 15 mellom Stryn og Eid i 16-tida måndag.

Bilen blei seinare stoppa av ein patrulje, og det viste seg at bilen hadde store tekniske manglar. Det blei ilagd køyreforbod for bilen, føraren blei meld og førarkortet beslaglagt.

I Bremanger blir ein kvinne i slutten av tenåra meld av politiet. Ho blei stoppa, og det viste seg at ho ikkje hadde førarkort for å køyre moped.