Hopp til innhold

Streiken vart avblåst i natt

EL & IT Forbundet og Energi Norge vart i natt samde om ein ny avtale. Dermed er streiken avverga.

Kraftmaster i Låvisberget
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Kraftselskapa unngjekk streik etter at EL & IT Forbundet og Energi Norge i natt blei samde om ein ny avtale, like før meklingsfristen.

112 av Sogn og Fjordane Energi SFE sine 250 tilsette var tekne ut i tilfelle streik, men partane vart samde etter mekling ein time på overtid.

Oddmund Årdal som er hovuddtillitsvald i El og IT-forbundet i SFE er godt nøgd med at dei unngjekk streik.

– Vi er jo veldig fornøgd med at vi kjem fram til ein grei avtale. Eg har ikkje fått lese gjennom endå, men eg er fornøgd med at vi slepp å gå i streik, seier Årdal.