Hopp til innhold

Vitjar fem kontinent på éin dag

Går alt etter planen, blir Gunnar Garfors i dag den første i verda til å vitje fem kontinent på éin einaste dag.

Gunnar Garfors på tur

UT PÅ HISTORISK TUR: Gunnar Garfors kan måndag bli den første i verda til å vitje fem kontinent på berre éin dag.

Foto: Privat

– Denne ville ideen vart rett og slett for freistande til ikkje å ta vidare. Produksjonsselskapa eg presenterte den for var einige, så det vert til og med godt dokumentert, seier Gunnar Garfors.

Naustedølen har måndag planar om å vitje fem land på fem kontinent – berre ved hjelp av offentlege transportmiddel.

Dersom alt går etter planen, blir han etter alt å dømme den første i verda til å gjere dette.

Lagar dokumentarfilm

Reisa starta like etter midnatt, og Garfors var ved 08.30-tida på veg til Europa og sitt tredje kontinent for dagen.

Det britiske produksjonsselskapet Adelia Television filmar rekordforsøket og lagar dokumentarfilm av det.

– Vi lagar ikkje noko skrytehistorie. Dokumentaren vil sjølvsagt handle om den heseblesande reisa i seg sjølv, men like mykje om den krympande jorda vi bur på, kulturar og kontrastar, seier dagleg leiar Adrian Butterworth i Adelia Television.

Intervjuobjekta tek oss med langt unna bagasjeband og rullebaner, så det vert ikkje noko flyplassfjernsyn, legg han til.

Held reiseruta hemmeleg

37 år gamle Garfors likar å reise, og han har til no vore i 174 av dei 198 landa i verda. Dokumentaren i fullversjon vil vere ferdig til hausten i to versjonar, både på nynorsk og engelsk. Dei vert redigerte i Bournemouth i Sør-England.

Naustedølen starta i Afrika, deretter var han i Asia – og så ventar Europa, Nord-Amerika og Sør-Amerika i tur og orden.

Komplett reiserute vert av tryggleiksgrunnar først offentleggjort etter at reisa er ferdig.

Trur på verdsrekord

Garfors og teamet rundt han har vore i kontakt med Guinness rekordbok. Etter alt å dømme kan han bli den første i verda til å gjere den store reisa.

– Vi har ikkje fått svar på søknaden, og no er tidsfristen for å svare gått ut. Vi ser det som ganske sikkert at dette kan bli verdsrekord, seier Øystein Garfors til NRK.no.

Gunnar Garfors er opphavleg journalist, men leier no Norges mobil-TV AS og den internasjonale radio- og TV-organisasjonen IDAG. Han er tilsett i NRK. Garfors er 37 år gamal, eldst av seks søsken og kjem frå Naustdal i Sunnfjord.