Hopp til innhold

Har sikta foreldre frå Sunnfjord for grov vald mot sin eigen baby

Eit foreldrepar frå Sunnfjord er sikta for å ha påført deira eigen seks månader gamle baby brot på hovudskallen og andre brotskader.

Ronny Iden

ALVORLEG SAK: Politiinspektør Ronny Iden stadfestar no at dei har teke ut sikting mot eit foreldrepar for grov vald mot sin eigen baby.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det er ei svært alvorleg sak politiet no etterforskar. I fjor haust vart det under eit halvt år gamle barnet lagt inn på Førde sentralsjukehus med brotskader.

Etter kort tid kontakta sjukehuset politiet med mistanke om at brotskadene ikkje kunne ha ei naturleg forklaring.

Omfattande skader

– Eg kan stadfeste at vi sidan oktober 2011 har etterforska ei sak som gjeld vald mot eige barn, at foreldra har vore under etterforskning. Det dreier seg om brotskader på barnet påført til ulike tidspunkt, seier politiinspektør ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Ronny Iden, til NRK.

NRK veit at dei skadane som vart funne på barnet var sju ribbeinsbrot, brot i hovudskallen og eit lårbein brote tvers av.

Vurderer tiltale

Foreldreparet er sikta for grov mishandling og politiet har lenge lagt eit tett lok på etterforskinga, for å hindre at eventuelle bevis i saka skulle gå til spille.

– Etterforskinga er no i sluttfasen og så vil den bli teken opp til ein påtalemessig vurdering, seier Iden.

Hjelp frå KRIPOS

Etterforskinga av det som vert rekna som ei av dei grovaste familievaldsakene i Sogn og Fjordane nokon gong, har vore leia av politiet lokalt. Men fordi saka er så alvorleg, har dei og fått bistand frå KRIPOS i etterforskinga.

– Det har vore ei relativt omfattande etterforsking og den har vore leia av oss, men vi har og fått god bistand frå KRIPOS i saka, stadfestar politiinspektøren.