Dei to ferjeselskapa Fjord1 Fylkesbaatane AS og Fjord1 MRF AS er vedteke slått saman med morselskapet Fjord1 AS (tidlegare Fjord1 Nordvestlandske AS). Det er klart etter at generalforsamlinga i Fjord1-konsernet møttest i dag.
Det nye selskapet skal ha hovudkontoret sitt i Florø, men nokre funksjonar skal framleis ha base i Molde. I ei pressemelding opplyser Fjord1 samtidig at dei vil behalde logoen sin.
Leif Øverland som er administrerande direktør i Fjord1 AS har tidlegare sagt at dei framleis ikkje har tenkt å gløyme alt som «Fylkesbaatane» har stått for.
– Vi ser på namneskiftet som ei naturleg utvikling, sidan vi no samlar drifta under ein paraply. Men om vi byter ut namnet, tek vi med oss det beste frå kulturen i Fylkesbaatane, sa Øverland til BT tidlegare i april.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: