Hopp til innhold

Vegtraseen mot Lavik ferjekai skaper furore og debatt

Ueinigheit er ikkje framandt i Sogn og Fjordane, men i Lavik møter dei uvanleg mykje motbør. Den nye vegtraseen mot Lavik ferjekai er temaet som skaper konflikt.

Lavik ferjekai

TENKT SLIK: Slik har Statens vegvesen tenkt at nye Lavik ferjekai, opp mot E39-sambandet, skal sjå ut. Den kjem ikkje utan protest.

Foto: Ove Kjensli / Statens Vegvesen

– Frå å vere idylliske og rolege strandeigedommar vil situasjonen – med ein ny vegtrasé som planlagt – bli dramatisk endra.

Det skriv advokat Jan Erik Mardal i høyringsuttalen på vegner av Eldrun og Thor Roald Nordahl, som er grunneigarar og har hus langs strandlinja i Lavik.

Reguleringsplanen for Lavik ferjekai, som kom frå Statens vegvesen og Høyanger kommune, hadde høyringsfrist 26. mars. No har dei to fått meir enn nok å gå gjennom, skriv Firda i papiravisa tysdag.

Både Lavik Næringsråd, eigarar av næringsbygg og grunneigarar er kritiske til reguleringsplanen.

Samtidig har Norges vassdrags- og energidirektorat fremja motsegn mot planen.

Oter er oversett

Den nye traseen skal gå langs strandkanten, og ikkje gjennom sentrum – slik som i dag.

– Eigedommane til Nordahl blir reduserte til ei øy mellom trafikkårer, der bebuarane mellom anna vil bli belasta med ei monaleg støvmengde, seier Mardal i høyringsuttalen.

Jan Erik Mardal tilskore

KRITISK: På vegner av grunneigarane Eldru og Thor Roald Nordahl, uttaler advokat Jan Erik Mardal seg kritisk til trasévalet langs strandkanten.

Foto: Privat

Han skriv òg at utsikta mot sjøen vil bli «fullstendig øydelagd», før han peikar på noko – kanskje – enda viktigare.

– Når det gjeld påstanden om at det ikkje er funn av raudlista dyreartar i planområdet, så er dette feil. På eigedommen til mine klientar har det i mange år blitt observert oter.

Fardal meiner dette må utgreiast.

– Ikkje teke omsyn

Men grunneigarar er langt frå åleine om å vere kritiske.

Lavik Autosenter AS meiner næringsgrunnlaget forsvinn med trasé langs stranda, og føler dei ikkje får tildelt noko løysing på problemet.

– Som alle veit går den nye vegen over eigedommen som Lavik Autosenter AS disponerer. Vi meiner Vegvesenet må kome med gode løysingar som gjer at det eksisterande næringslivet har moglegheit til å drive i framtida, skriv dei.

Også Lavik næringsråd, ved leiar Martin Bjørkhaug, føler seg overkøyrde.

– Vi blei tekne med i planprosessen tidleg i 2011, der vi vart oppmoda om å kome med innspel til den midlertidige planen. Vi hadde fleire møte, og kom med ei liste på åtte punkt som vi ønskte at Statens vegvesen skulle sjå på.

– Dette kan vi ikkje sjå at dei har teke omsyn til, heller tvert imot, vidarefortel Firda frå høyringsuttalen til Lavik næringsråd.

Ny butikk

Bjørkhaug i næringsrådet fortel at butikk var éin.

– Det var butikk på kaia i dei første planane, men det er no fjerna med eitt pennestrøk.

– Statens vegvesen seier butikken er noko av det første som må vekk, men ingen har teke omsyn til tida det å skaffe nye lokale og å flytte butikken, skriv næringsrådet, som no meiner «ny» butikk no må vere eit krav.

(Saka held fram under bildet.)

Lavik kaiområde

SKAPER DEBATT: Korleis ein skal ta seg til ferjekaia skaper debatt.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fryktar flaumskred

Butikken er éin ting, ein annan er flaumfare.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) meiner reguleringsplanen manglar dokumentasjon på at området er trygt. Ei elv i planområdet er kjernen for deira kritikk.

– NVE rår til at ei skredfarevurdering også omfattar tilgrensande bustadområde til planen, skriv dei.

Dei reagerer på at skred ikkje er tema i planforslaget i det heile, og viser til Skrednett sine kart, der delar av planområdet er definert som fareområde.