Hopp til innhold

Fjord1 gir opp turistrute i år

Det vart for knapp tid for Fjord1 Fylkesbaatane: Selskapet vil vente til neste år med å sette i gang turistbåtruta mellom Bergen og Sogn.

Ekspressbåten Fjordprins i Flåm

IKKJE I SOMMAR: Ekspressbåten Fjordprins legg til kai i Flåm.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Administrerande direktør Stig Kristoffersen seier dei har hatt ein runde med dei viktigaste turoperatørane og konkludert med at dei er for seint ute.

– Veldig mykje av det som skjer for denne sesongen er alt lagt på plass. Det vil vere svært utfordrande økonomisk å sette i gang i denne sesongen. Difor ventar vi med starten til neste år.

Etter at Fjord1 tapte konkurransen med Farled om snøggbåtrutene søkte selskapet fylkeskommunen om å få starte ei sommarrute mellom Bergen og Flåm, i konkurranse med Farled. Etter mykje om og med sa eit fleirtal i fylkesutvalet ja til dette i forrige veke.

– Ville de ha hatt båtmateriell til å gå i gang i år?

Stig Kristoffersen

- FOR SEINT UTE: Adm. dir. Stig Kristoffersen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nok båtar, for lite tid

– Vi opererer i dag med fire store hurtigbåtar, så materiellet er tilgjengeleg. Det som er hovudutfordringa er knytt til marknaden og trafikkinntektene. Turoperatørane seier at vi er så seint ute at dei er ferdige med sine program, og difor er det vanskeleg å finne løysingar på kort sikt.

– Politikarane utsette denne saka fleire gonger, slik at avgjerda om at fekk løyve ikkje kom før no nyleg. Kva synest du om framdrifta til politikarane?

– Vi har forståing for at dette ville ta tid. Det var ei utfordrande sak for politikarane, ikkje minst var det viktig å sjekke ut dei juridiske sidene.

– Kva slags følgjer får det at de må vente eitt år med å få i gang denne sommarruta?

– Vi misser eitt år, vi får eit vakuum dette året, og det er negativt. Men på den andre sida har vi tid til å gjere ein skikkeleg jobb med å førebu 2013-sesongen.