Hopp til innhold

Observerer vêr på isolert ishavsøy

– Med mindre det kjem eit helikopter eller kystvakt, ser du berre dei åtte andre kvar dag, fortel Marion Lexau Nødset. Ho har teke permisjon frå rådgjevarstillinga i Førde for å bli meteorologifullmektig på Bjørnøya.

– Her får ein tid til å reflektere og setje ting i perspektiv. Ein kan ikkje bry seg med bagatellar, det handlar om å få kvardagen til å gå rundt reint praktisk, seier Marion Lexau Nødset, meteorologifullmektig på Bjørnøya i Barentshavet.

– Herleg med pause frå fastlandet

Nødset har teke permisjon frå stillinga som rådgjevar ved Lotteri- og stiftelsestilsynet i Førde for å observere vêret i nord i eit halvt år. Ho kom dit i desember, og har ikkje angra så langt.

– Ein får eit avbrekk frå alt som skjer på fastlandet. Det er ganske herleg å konsentrere seg om livet her oppe og stå litt på sidelinja i høve til kvardagen utanfor, seier Nødset.

Observerer vêret frå aude øy

Ho prøver ut livet som meteorologifullmektig for første gong. I seks månader sit ho relativt isolert på ei ishavsøy saman med åtte andre.

Dei vart frakta dit med kystvakta, som elles kjem innom med forsyningar og post om lag éin gong i månaden. Helikopter kan lande på Bjørnøya i tilfelle dei treng drivstoff ved redningsoppdrag, men det finst ingen flyplass og ingen båtar går dit regelmessig.

Ni menneske på éin stasjon i seks månader

Dei ni tilsette blir på Bjørnøya heile arbeidsperioden. Frå vêrstasjonen gjer dei målingar og observasjonar som er svært viktige for å få gode vêrmeldingar.

Artikkelen held fram under biletet.

Nordlys

FÅR DEI RAUDE HUSA TIL Å LYSE GULT MOT HIMMELEN: Nordlyset over stasjonsområdet.

Foto: Marion Lexau Nødset

Arbeidsoppgåvene deler dei ni ut frå kva røynsle og bakgrunn den einskilde har. To er kokkar, éin er chief med ansvar for drift og vedlikehald av maskiner, og dei seks andre observerer vêret på omgang.

Deler pliktene på døgnopen vêrstajon

Sondeslepp

FØLGJER VÊRBALLONGEN SI FERD MOT ATMOSFÆREN: Meteorologifullmektig Marion Lexau Nødset.

Foto: Trygve Flathen

Nødset er éin av to meteorologifullmektigar. Dei fire andre vêrmålarane er teknikar, stasjonssjef, sondeleiar og meteorologikonsulent. Dei deler vaktene mellom seg på stasjonen, som er verksam 24 timar i døgeret.

Alle vakter startar med såkalla sondeslepp, altså utsending av ein vêrballong med radiosonde, som samlar data om vind, trykk, fukt og temperatur på ferda oppover mot skylaget.

– Eg følgjer med på ballongen til han sprekk om lag 30 kilometer oppe i atmosfæren. Då dett sonden ned, og så sender vi målingane til Oslo. Elles måler vi nedbør fire gonger i døgeret, og observerer kvar time skytype, skyhøgd og sikt i tillegg til eventuell skodde, fokk eller andre særskilde tilhøve, fortel Nødset.

Du kan lese meir om bruk av radiosonde på nettsidene til Meteorologisk institutt.

Er sentral for varsling og klimaforsking

Vêrstasjonen på Bjørnøya er éin av Meteorologisk institutt sine tre ishavsstasjonar. Dei andre ligg på Jan Mayen og Hopen, og alle tre blir administrert av Vêrvarslinga for Nord-Noreg.

For å lage gode vêrvarsel treng ein mange og nøyaktige observasjonar frå eit så stort område som mogleg. Bjørnøya gir eit viktig bidrag til arbeidet med varsla gjennom hyppige målingar og observasjonar.

Registreringane blir også nytta i klimaforsking.

Visste du at moderne vêrvarsling har sitt opphav i Krimkrigen? Les meir her.

Får andre utfordringar på øya

Å halde ein vêrstasjon på ni personar operativ døgeret rundt krev gode evner til samarbeid. Alle ni bur på stasjonen, på eige rom, men med kjøken, bad og stove som fellesområde. Alle må ta ansvar for at stasjonen fungerer som han skal både sosialt og praktisk.

Artikkelen held fram under biletet.

Oddmund Isaksen, meteorologifullmektig

LEGG TIL RETTE FOR HELIKOPTERLANDING: Meteorologifullmektig Oddmund Isaksen.

Foto: Marion Lexau Nødset

Nødset fortel om andre problemstillingar enn dei heime på fastlandet.

– Viss noko av det tekniske sluttar å fungere, er det det vi må prioritere å få ordna opp i. Vi er avhengige av at alle stiller opp for at ting skal gå rundt, seier Nødset.

Viktig å vere sosial

Og med så få personar er det særleg viktig å ta ansvar for det sosiale miljøet, trur ho.

Vilhelm Bjeknes

BLEI FEIRA MED KAKE PÅ VÊRSTASJONEN: Den moderne vêrvarslinga sin far, Vilhelm Bjerknes.

Foto: Geofysisk institutt, UiB

– Det er ein fordel å vere sosial. Det kan vere kjekt å samlast i stova i staden for at folk sit åleine på romma sine, seier Nødset.

I dag, 14. mars 2012 har dei ein ekstra grunn til å samlast til kaffi og kake i stova. Det er nemleg 150 år sidan Vilhelm Bjerknes vart fødd. Han er rekna som far til den moderne vêrvarslinga.

Men stasjonen er stor, og det er rom for å stikke seg bort om ein treng å vere litt for seg sjølv. Elles gir Bjørnøya stort rom for å nyte friluft ute i naturen med det rike dyrelivet.

Har eit yrande fugleliv

Nødset fortel at dei storslåtte og spesielle naturomgivnadene var noko av det ho ønskte seg til då ho søkte på stillinga. Bjørnøya har dei største fuglefjella i Nord-Europa, og Nødset gler seg til å følgje utviklinga i fuglelivet fram mot våren.

Artikkelen held fram under biletet.

Havhesten held til på øya heile året

ER AV DEI FASTBUANDE PÅ BJØRNØYA: Havhesten held til der året rundt.

Foto: Marion Lexau Nødset

– Då eg kom var det nesten berre havhest her, men no har eg sett både svartbak, ærfugl og polarmåke. Snart kjem lomvien også, seier den fugleinteresserte fullmektigen.

For mildt for isbjørnen på Bjørnøya

På Bjørnøya finst også polarrev, og isbjørn har vore observert, men ikkje så langt i år.

– Det hadde vore moro å sjå ein isbjørn, men det er ikkje nok is ned mot øya, seier Nødset.

Vinteren har nemleg vore mildare på Bjørnøya enn heime i Førde, fortel ho. Dermed har tilhøva lege til rette for mange fine turar på øya.

Varierer med turgåing og biljard

Aki tek pause

EIN AV DEI FASTE TURKAMERATANE: Men huskyen Aki må kvile også.

Foto: Marion Lexau Nødset

Sjølv om dei tilsette varierer i alder frå 29 til 60 år, har dei ei sams interesse for polare strok og friluftsliv. Saman med huskyane Aki, Tassen og Eerkki dreg dei ofte ut i naturen.

– Vi går mykje på tur til hytter som er sette opp for oss som jobbar her. Elles har vi innandørstilbod med treningsrom, treverkstad og biljardbord. Vi steller til ei turnering i ny og ne, seier Nødset.

Tilrår ishavseventyret

Ho nøler ikkje med å tilrå andre eventyrlystne å søkje stilling som meteorologifullmektig på Bjørnøya. Interesserte treng ikkje formelle kvalifikasjonar innan vêr og vêrmelding. Dei som blir tekne opp blir kursa i vêrobservasjon og ulike vêrtypar.

Artikkelen held fram under biletet.

Første soldag i fullmåneskin

GÅR TUR FØRSTE SOLDAGEN: Margunn Berge Almli går tur i fullmåneskin 6. februar 2012.

Foto: Marion Lexau Nødset

– Vêrmåling gir unike sjansar

Sjølv om Nødset er fascinert av vêr, vind og klima, var det den heilskaplege røynsla som lokka henne til Bjørnøya.

– Å vere vekke frå fastandet i eit halvt år saman med berre få andre kan verke risikabelt på fleire måtar, men nettopp dét er det som er så gjevande med å vere her òg. Engasjementet som meteorologifullmektig på Bjørnøya gir verkeleg ein sjanse til å oppleve verda og seg sjølv på ein ny måte, seier Nødset entusiastisk.

Les meir om ishavseventyret på Bjørnøya på vêrstasjonen sin blogg.

Marion Lexau Nødset har også sin eigen fotoblogg med fleire bilete frå livet på Bjørnøya.