Hopp til innhold

Hafsås gir seg som skiskyttar

Ronny Hafsås frå Stårheim har prøvd og prøvd, men innser no at han må gje seg som skiskyttar.

Ronny Hafsås før start

BERRE SKI FRÅ KOMANDE SESONG: Ronny Hafsås vil kutte ut skytinga.

Foto: Bård Siem / NRK

Til Fjordabladet seier han at det er 95 prosent sikkert at han sluttar med skiskyting etter denne sesongen. Han innser at han ikkje kjem til å få plass på elitelandslaget neste sesong.

– Alternativet er å halde fram på eit rekrutteringslandslag, og det ser eg som uaktuelt.

Hafsås hadde i sine beste periodar som skiskyttar farten i sporet som sin styrke, han hadde evna til å ta inn tapte sekund etter bomskot med å gå fort, men som regel vart det for mange strafferundar til at han nådde opp.

LES OGSÅ: Fiasko for skiskyttarane

LES OGSÅ: 16. plass på Ronny Hafsås

Dei to siste seongane har heller ikkje langrennsforma til stårheimaren vore som ho ein gong var, der skuldast sjukdom og treningsavbrekk. Men han har lyst til å prøve å satse som rein langrennsløpar.

(Artikkelen held fram under biletet).

Hafsås

FARVEL TIL BØRSA: Ronny Hafsås har teke avgjerda.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Ikkje nok å vere i norgestoppen

Han har ein verdscupsiger frå 2009 og var OL-deltakar i 2010. Og det er på det nivået han ynskjer å vere dersom han skal satse på langrenn.

– Eg veit at eg enkelt kan trene meg opp til norgestoppen i langrenn, iallfall på distanserenn i skøyting. Men eg vil berre satse på langrenn dersom eg ser at eg kan hevde meg i verdstoppen, seier han til Fjordabladet.

LES OGSÅ: Ronny Hafsås vann verdscuprenn

LES OGSÅ: Endeleg opptur for Ronny Hafsås

– Må finne att motivasjonen

Problema han har hatt med pusten meiner han er borte, derimot må han finne att motivasjon til å trene seg opp til eit nivå som må til for å kome med i verdstoppen i langrenn.

– I og med at eg ikkje har vore i nærleiken av å nå målsettingane mine dei to siste åra føler eg at lufta har gått ut av ballongen. Akkurat no er eg lite motivert, men eg veit at det berre skal eitt godt renn til før gløden kjem tilbake.

Til NRK seier Hafsås at han rett og slett er lei av å trene.

– Eg merkar at treninga blir meir noko eg må, ikkje noko eg vil og har det moro, og det er kjedeleg å oppleve. Eg er avhengig av å få gløden tilbake, at eg verkeleg kjenner den indre gløden av kva eg har lyst å drive med.

– Kva med resten av denne sesongen?

– Nei, målsettingane mine for denne sesongen er alt køyrt, eg hadde som mål å kome på VM-laget i skiskyting og primært sprinten der. Det har eg ikkje vore i nærleiken av.

– Må få fred i topploket

– Nasjonalt er det NM som er att, men eg kjenner det er vanskeleg å motivere meg for nasjonale løp, men eg skal no trene og førebu meg til NM.

Ronny Hafsås er blitt småbarnsfar og må og vurdere om han skal legge heilt opp som toppidrettsutøvar, men manglar alternativ til idretten.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal ta meg til dersom eg droppar idretten, nettopp difor er det vanskeleg å ta avgjerda. Slik det ser ut no er det mest sannsynleg at eg satsar på langrenn. Uansett er det viktig for meg å få teke ei avgjerd, slik at eg får fred i topploket.

– Kan det like godt bikke mot at du legg heile idretten på hylla?

– Det kan vere eit alternativ. Eg har kome til eit punkt der idretten ikkje er så kjekk lenger at eg orkar å ofre det som skal til, og då er det betre å finne på noko anna. det har gått på bekostning av det å ha det bra med seg sjølv, og det er ekkelt å oppleve.