Hopp til innhold

Lossa redkordfangs av lodde til ein verdi av nær fire millionar kroner

Båten som i helga låg til kai ved Måløy Sildeoljefabrikk på Trollebø hadde med seg litt av ein rekordfangst.

Måløy Sildeoljefabrikk

TIL KAI: Båten 'Kings Bay' er registrert i Ålesund og la til helga til kai ved Måløy Sildeoljefabrikk med rekordstor fangst av lodde.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lossemannskapet måtte jobbe i to dagar for å tømme båten «Kings Bay» for den enorme loddefangsten.

Etter ni timar jobbing på laurdag og over fem timar på søndag var det til slutt kome i land 2 373 tonn med lodde. Det er den største loddefangsten som nokon sinne er registrert hos Norges Sildesalgslag, skriv Fjordenes Tidende på nett.

For mannskapet om bord betyr ikkje dette berre gode pengar, men kanskje også ein kortare sesong. Båten vart nemleg nesten ferdig med kvoten si på første tur, skriv avisa.

Fangsten gir også mykje klingande mynt i kassa. Med ein pris på lodde på 1,55 kroner per kilo, var rekordlasta verdt nesten 3, 7 millionar kroner ifølgje Fjordenes Tidende.