Hopp til innhold

Steen Jensen med breiside mot Hallén, Pedersen, Wathne og Hegnar

Styremedlem i Stabæk, Ingebrigt Steen Jensen, går til frontalangrep på Yngve Hallén, Morten Pedersen, Trygve Hegnar og Davy Wathne.

hallen

TEK DET MED FATNING: Fotballpresident Yngve Hallén seier at han skjønnar at Jensen tek til motmæle.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Årsaka til utblåsinga er saka omkring overgangen rundt Stengel-/Gunnarsson-prosessen, skriv VG Nett.

Steen Jensen er ikkje imponert over korleis saka er handsama av andre meiningsbærarar i korkje fotball- eller medie-Norge. Det gir han klart uttrykk for i kommentarfeltet til ein nettkommentar som redaktør i Østlendingen, Nils Kristian Myhre, publiserte måndag kveld.

Hard skyts frå Jensen

Jensen skriv «Kjære Østlendingen og Nils Kr. Myhre – send saken din til Davy Wathne, Morten Pedersen, Trygve Hegnar og Yngve Hallén; firerbanden som er dommer, jury, bøddel og mobb på en gang, stort sett uten peiling på hva de snakker om. Bortsett fra Hallén da, selvfølgelig, men han har jo en annen og langt mer privat agenda.»

Til VG Nett seier fotballpresident Yngve Hallén at han kan forstå reaksjonen.

– Utfallet til Ingebrigt overraskar meg veldig, men basert på dei utsegna som har kome, både frå klubben og einskildpersonar, så forstår eg at han reagerer kraftig og tek til motmæle – mediedekninga har vore svært einsidig, seier Hallén til VG Nett.

Har understrekar at ingen er dømde

Men han understrekar at orda frå Jensen er sterke.

– Dette var sterke ord frå Ingebrigt, men om han hadde gått gjennom det eg hadde sagt om saka, så hadde han sett at eg har sagt at det er ei alvorleg sak, basert på det påtalenemnda har skrive. Samtidig har eg også understreka at ingen er dømde i saka, seier Hallén.

Syner til ytringsfridomen

TV2-profil Davy Wathne er lite imponert over bodskapen til Jensen.

– Eg er korkje aktor eller dommar, men ein meiningsberar som har følgt fotball i 55 år, og med ein 200 år gammal ytringsfridom her i landet, bør også eg få vere meiningsberar. Alle kjenner mi dobbeltrolle, og det er vanleg at ein har kommentatorar i sportsavdelingar, seier Wathne til VG Nett.

Hegnar bryr seg ikkje

Trygve Hegnar seier at han ikkje bryr seg om kva Jensen skriv eller meiner, medan Morten Pedersen i Dagbladet bryr seg litt.

– Sterke ord. Vi er vane til å spissformulere oss for å bli høyrde i våre bransjar, men Ingebrigt er i sin fulle rett til å seie kva han meiner, seier Pedersen.