Hopp til innhold

To serveess - og eit meisterskap

Førdianaren Jon Jarning (23) sytte for to serveess då han og Nyborg henta heim cuptrofeet laurdag.

Jon Jarning

KONGEPOKAL: Jon Jarning har fleire sesongar for Førde, men har no både gull og sølv i cupen med Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Jarning vart cupmeister med Førde i 2007, medan han i fjor tapte cupfinalen - mot nettopp Førde i Førdehuset.

– Eg sat no på benken då også. Tapet i fjor gjore oss berre ekstra sugne på å vinne i dag. Det smaker godt, er ikkje vemodig, men litt spesielt likevel, seier den einaste sunnfjordingen som kunne juble for gull i herrefinalen.

Lite speletid

Jarning fekk sjå gamleklubben ta føringa tidleg, før hans eigne lagkameratar tok over oppgjeret.

Sjølv vart det mest oppvarming, men når han først fekk sjansen dunka han like godt inn to serveess mot gamle lagkameratar.

– Vi har Norges beste oppleggar i Kåre Morken, så det er ikkje berre berre å spele seg inn på laget, seier 23-åringen.

Sakna makker på motstandarlaget

Midtspelar Øivind Hordvik var sjølvsagt strålande nøgd med sigeren. For han eit godt punktum etter førre helgs store nedtur.

Medan Nyborg feira viktige poeng over Tromsø i serien førre helg, fekk han telefon om at makkeren han siktar seg inn på OL i sandvolleyball saman med, Førde-spelar Morten Kvamsdal, hadde brote foten.

– Eg skulle gjerne sett han på andre sida av nettet i dag, men det hadde kanskje gått på bekostning av cupgullet, seier Hordvik.

Ny makker

Med det første såg han OL-håpet svinne etter telefonsamtalen. Etter å ha samla seg etter sjokket, har han no bestemt seg for å hente inn vikar til Kvamsdal er attende.

Kven det blir har ikkje 26-åringen bestemt seg for.

– Eg har snakka med elitesjefen og det ser ut som om vi får sjansen i kontinentalcupen, seier han og vedgår at OL-sjansane er små.

Kvamsdal best

– Men det blir litt endringar i opplegget første del av sesongen. Det hadde uansett blitt ein innkøyringssesong med ny makker i år, seier han og legg til:

– Men det er trasig. Eg vurderer Morten som det beste alternativet for meg. Det var difor eg valde han og eg såg utruleg fram til å få ta til på sesonge med han. Men han kjem tilbake, så det blir berre for meg å passe på å halde meg i form, seier han.

Cupmeister Nyborg.

CUPMEISTRAR: Nyborg.

Foto: Oddleif Løset / NRK