Hopp til innhold

For nøyaktig eitt år sidan stod det også ein bil fast akkurat her...

Føret er meir eller mindre identisk, og vegen er nett like smal. Torsdag morgon skjedde det same som skjedde for akkurat eitt år sidan.

Her skjer akkurat det same igjen på Filefjell

VELDIG LIKT: Utsikta frå Statens vegvesen sitt webkamera på Filefjell var svært så likt 5. januar i år som 5. januar 2011. På akkurat same staden har eit større køyrety hamna i grøfta. Biletet til venstre er teke for eitt år sidan.

Foto: Statens vegvesen/Webkamera

På Statens vegvesen sitt webkamera på E16 over Filefjell kunne ein i føremiddag sjå ein semitrailer stå litt på halv åtte ut i grøfta. Det synet er skremmande likt biletet frå same webkamera, på same dato i fjor.

Og det meir eller mindre på meteren.

Ein av skilnadene er at det denne januardagen var snakk om ein semitrailer, og i fjor var det eit vogntog. For Falck på Fagernes betydde den tyske trekkvogna med svensk tralle, nok eit oppdrag.

– Dette er eit standard jobb for oss, seier dagleg leiar Ståle Hagadokken som ved 12.45-tida akkurat hadde fått bilen på vegen att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer i grøfta på Filefjell

SAME STAD: Slik ser det ut på Statens vegvesen sitt webkamera på føremiddagn den 5. januar 2012.

Foto: Webkamera/Statens vegvesen

– Dette er typisk

Dei som driv med bilberging får stadig erfare at den smale vegen over Filefjell byr på problem. Når store køyrety møtast er det fort gjort å hamne utfor kanten.

– Han har nok kome litt for langt ut på kanten, og så har trekkvogna rett og slett sklidd ut, seier Hagadokken til NRK.no.

Han seier jobben med å berge bilen på vegen att var fort gjort, og slapp dermed langt billegare unna enn det bilbergarane gjorde den 5. januar i 2011.

Den gong hadde vogntoget lagt seg nesten heilt på sida i grøfta, og det måtte to bilbergingsbilar til for få køyretyet på rett kjøl att.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog i grøfta på E16

I GRØFTA: Slik såg det ut då eit vogntog vart liggande i grøfta rett framfor webkameraet på ettermiddagen den 5. januar i fjor.

Foto: Statens vegvesen webcamera

– Var dårleg skodd

Bilar som står i grøfta blir det mange av i løpet av ein vinter. Hagadokken fortel at semitraileren som i dag enda i grøfta var heller dårleg skodd.

– No har eg akkurat selt han nokre kjettingar så han kjem seg trygt vidare.

– Han hadde nok det som kan kallast sommardekk, det er mønster, men ikkje godt nok til dette føret, sa Hagadokken til NRK like før klokka 13.