Hopp til innhold

-Urettvist at kraftselskapa får svi

– Det er svært urettferdig at kraftselskapa får fleire hundre millionar i inntektsfrådrag, seier nettdirektør Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi.

Kraftlinjer ved Hjellestøylen i Førde

STRAFF: Kraftselskapa blir straffa økonomisk når dei ikkje kan levere.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Berre i Sogn og Fjordane er det snakk om at kraftselskapa blir straffa med over 200 millionar kroner.

– I ein slik situasjon vi har hatt no fungerer det ikkje i det heile. Det kan bli aldeles forferdeleg her i Sogn og Fjordane, seier Aase.

LES OGSÅ: Orkansikkert strømnett vil koste deg to tusen kroner mer

LES OGSÅ: 350 framleis utan straum

– 200 millionar, kanskje meir

Orkanen "Dagmar" sine herjingar har ført til at tusenvis av abonnentar på vest- og nordvestlandet har vore utan straum i dagevis. I følgje regelverket for kraftselskapa blir dei no straffa hardt av Norges Vassdrags- og Energidirektorat - NVE. Berre i Sogn og Fjordane blir det store summar.

– Eg reknar med at det blir tapte inntekter på rundt 200 millionar kroner, og kanskje meir enn det, seier Aase.

Forsvarar ris bak spegelen

Leiar for Nettseksjonen i NVE, Nils Martin Espengren, forsvarer dagens regelverk.

– Vi meiner det er eit viktig økonomisk insentiv å sikre at nettselskapa opprettheld god leveringskvalitet til kundane.

Administrerande direktør Elling Dybdal i Tussa Kraft på Sunnmøre seier det er abonnentane som må betale rekninga gjennom auka prisar når NVE ilegg kraftselskapa økonomisk straff.

– Dette vil koste mange millionar kroner, og det er kundane som møter desse kostnadene.

Nettsjef Asgeir Aase i SFE kallar regelverket til NVE for ei misforstått bøtelegging som gjer det vanskelegare for selskapa å byggje opp eit meir stabilt kraftnett.