Hopp til innhold

Ny storvinst til vinnarbyen Florø

Etter sin andre millionvinst på to dagar, tok Flora onsdag over som fylkes svar på "Verdal'n". Onsdag vann ein polsk gjestearbeider 30 gonger årsløna i heimlandet.

Tysdag vann ein floraværing i 30-åra 1,8 millionar kroner på Extra. Då polske Piotr Stanislaw Kotarski vann 1,9 millioner i VikingLotto onsdag, tok Flora over trona som den kommunen i fylket med flest spelmillionærar.

Den polske gjestearbeidaren vart den 17. frå Flora som får millionvinst frå Norsk Tipping. I Årdal har så langt 16 personar motteke millionvinst frå Norsk Tipping.

– Ei god årsløn i Polen er 60 000 kroner. Så eg ville vore takkksam om eg berre hadde vunne inngangspremien. Men å vinne nær to millionar er så stort at eg tror ikkje eg forstår det, lo den lukkelege vinnaren då Norsk Tipping ringde.

Gjorde som kollegaene

Sjølv var han på jobb då trekninga skjedde, og dermed måtte maskina «Ask» stå for vala for Joker-kandidaten.

«Ask» hadde maksimal flaks og gjorde inngangssummen på 392 000 kroner til ein premie på 1 962 000 kroner.

– Eg såg at mine arbeidskollegaer fylde ut kupongar og dermed byrja eg også å levere femvekerskupongar, fortel han.

Kjøper ny bil

Kotarski og familien har budd i Norge i seks år. Kona arbeider som vaskehjelp, medan dei har born både i skule og barnehage.

Til no har dei ikkje sett seg råd til å kjøpe eigen bustad, så det var ikkje rart at det onsdag kveld kunne høyrast gledeshyl frå stova hos rørleggjaren.

– Eg må vel kunne unne meg ein ny bil, kanskje. Men i alle fall skal vi skaffe oss eige hus no, seier han til Norsk Tipping.