Hopp til innhold

Polsk vogntog stengjer E16 Filefjell

Fleire polske vogntog har fått problem på E16 over Filefjell. Eitt stengjer no vegen like ved Tyinkrysset. Det kan bli mange timar å vente for dei mange vogntoga som står i kø på kvar side.

Kø E16 Filefjell
Foto: Ole Kristian Espeland / NRK

– Det står mange, mange, mange vogntog i kø. Eg torer ikkje talfeste det, men vi snakkar mange, seier vakthavande ved Vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Ein polsk trailer skal ha fått problem på veg opp mot Tyinkrysset. Først stod han fast lenge. Men då var det iallfall noko passasje for andre trafikantar. Så fann han ut at han skulle rygge ned att. Det var lite lurt.

Rygga seg bom fast

– Han rygga seg rett og slett ut i grøfta, og der står han bom fast. Bergingsbil er på veg frå Lærdal, men det kan ta tid, dette her, seier Erikstad.

På Vangsida av Filefjell har det vore kaotiske tilstandar tysdag kveld. Fleire vogntog har hatt problem, noko som har ført til lange køar. Desse står no på sørsida av havaristen på E16.

– Og der blir dei nok ståande ei stund, seier Erikstad, som ikkje torer å spå kor lang tid berginga kan ta.

– Burde vore stogga

Sjåfør Ole Kristian Espeland køyrer for Transferd og skulle etter planen til Bergen. No må han vere glad berre han kjem seg til Lærdal for å sove.

– Dette skjer kvar einaste gong det kjem snø. Eg skulle ønskje Biltilsynet eller Vegvesenet stogga desse vogntoga før dei nådde fjellovergangane. Det er krøll kvar einaste gong, seier Espeland.

Han fortel om fint vinterføre på fjellet, men at det hjelper lite når ein ikkje er skodd for føret lell. I Valdres kom Espeland over ein annan polsk trailer som ikkje var skodd for føret, og som skapte kø.

Polakk i grøfta

I GRØFTA: Også denne polske traileren enda i grøfta og skapte trafikktull.

Foto: Ole Kristian Espeland / NRK

Gode køyreforhold

– Det er veldig bra køyreforhold. Det er alt eg vil seie, seier Espeland.

Ifølgje vitne på staden skal det polske vogntoget vere dårleg skodd for føret.

– Og så lesser dei ofte alt bakarst på tralla. Då har du ikkje mykje å fare med, seier Espeland.