Administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde går inn for å skrinlegge planane om jordmorstyrt fødestove i Lærdal.
Ikkje nok jordmødrer
Årsaka til skrinlegginga er at det i følgje Bolstad ikkje er mogleg å etablere eit fagleg forsvarleg tilbod, og peikar til at det ikkje har vore nok søknader til stillingar ved fødestova.
Bolstad seier det rett og slett ikkje fins nok interesserte jordmødrer til å starte tilbodet.
- LES OGSÅ: Overjordmor nektar å jobbe på fødestove
Skuffa over Helse Førde
– Det er Helse Førde som har svikta i rekrutteringa her, det manglar ikkje på jordmødrer, seier varaordførar i Lærdal, Johan Nes.
Han er skuffa over arbeidet Helse Førde har gjort, og er ikkje i tvil om at det går an å få til ei jordmorstyrt fødestove.
Stettar krava
– Eg skjønar ikkje heilt kvifor Bolstad seier det er vanskeleg å få tak i nok kvalifiserte jordmødrer, seier Nes.
Han viser til at Lærdal i fjor stetta kravet til å ha nok jordmødrer for ei jordmorstyrt fødestove. Nes meiner Helse Førde har svikta.
Lærdal kommune har jobba lenge med å få på plass tilbodet i samarbeid med nabokommunane.
- LES OGSÅ: Berre tre kommunar vil ha fødestove
– Det har vore ein vanskeleg prosess, men det er gjennomførbart. Eg er skuffa over konklusjonen til Bolstad, held Nes fram.
Alternativ poliklinikk
Komande fredag vil Jon Bolstad legge fram forslaget til styret i Helse Førde.
I framlegget til vedtak ber Bolstad styret om at Helse Førde startar opp ein ny poliklinikk for gravide, med følgjeteneste, som eit alternativ til ei jordmorstyrt fødestove.
– Dette har vi jobba hardt for, og det er litt underleg at Bolstad plutseleg går inn for å legge ned planane om den jordmorstyrte fødestova, seier varaordførar Johan Nes.