Hopp til innhold

Uhellferja ute av drift igjen

Etter tre havari på to dagar, blir bilferja M/F Lifjord no teken ut av drift på Lavik-Oppedal til feilen er permanent utbetra.

Nyeferja "Lifjord" på sambandet Lavik-Oppedal.

M/F Lifjord er forfølgd av uhell.

Foto: Malena Nyland

– Like før klokka 15 onsdag fekk vi melding om at Lifjord endå ein gong slit med manøversystemet som eit resultat av teknisk svikt, fortel driftsleiar ved Fjord1, Torbjørn Vik.

Bilferja M/F Lifjord har slite med mykje tekniske problem siste månadene. Berre denne veka har ferja vore ute av drift to gonger før.

Kvar gong har feilen tilsynelatande vorte reparert, men så snart ferja har fått nokre turar, har feilen oppstått igjen.

Håpar på løysing torsdag

– Vi har stolt på dei tilrådingane vi har fått, men no tek vi rett og slett ferja ut av drift fram til vi har fått ordna feilen permanent, seier Vik.

I utgangspunktet er det bestilt nye deler som skal på plass i løpet av torsdag, men Vik torer ikkje seie eit endeleg tidspunkt.

– Vi jobbar ut ifrå at vi får ting på plass i morgon, men nøyaktig når på dagen det skjer, kan eg ikkje gå god for no. Det viktigaste er å få ferja i orden att, seier Vik.

Vurderer situasjonen fortløpande

M/F Gloppen kjem til å trafikkere E39 Lavik-Oppedal åleine iallfall onsdag.

– Så får vi vurdere fortløpande. Enn så lenge får Gloppen halde stand åleine, seier Vik, som tykkjer det heile er trasig.

Ferja vil gå kvar halve klokketime frå Lavik og kvar heile frå Oppedal.

– Dette er ikkje ein god situasjon korkje for oss som bedrift eller for våre passasjerar, seier Vik.

Dermed kan ein oppleve at bilar står att fordi M/F Gloppen ikkje kan ta med meir enn 25 passasjerar når ho fraktar vogntog som transporterer gass.