Hopp til innhold

Tide og Fjord1 vil drive båtruter

Tide og Fjord1 vil drive dei omstridde båtrutene i Florabassenget.

Havreneset i Florø

IKKJE NØGDE: Innbyggjarar i Florø, Bremanger og Vågsøy har protestert mot dei nye båtrutene. Dei meiner tilbodet blir svekka.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Debatten har rasa etter at fylkeskommunen lyste båtrutene ut på anbod. Både politikarar og lokalbefolkninga har protestert høglydt fordi dei meiner tilbodet vil bli kraftig svekka.

Men etter at det nye fylkesutvalet vart orientert om saka i førre veke bestemte dei seg til slutt for ikkje å stogge anbodet . I dag gjekk fristen for å kome med anbod ut, og det er klart at det er to selskap som vil drifte rutene.

Både Fjord1 Fylkesbaatane AS og Tide Sjø AS vil drifte dei lokale båtrutene i Flora, Bremanger og Vågsøy, i tillegg til ambulansebåt i Flora-området, det melder fylkeskommunen.

Kontrakten skal gjelde frå 1. mai neste år fram til 30. april 2020, med opsjon for forlenging i to år.

Sogn og Fjordane fylkeskommune skal no gå gjennom tilboda. Kven som får kontrakten vil truleg vere klart i månadsskiftet november/desember.