Hopp til innhold

Hyller skipsforlis med konjakk

80 år etter at spritskipet «Venus» sokk utanfor Kannesteinen, blir skipsforliset hylla med eigen konjakk. Attpåtil blenda med konjakk frå forlis-året.

Jan Arild Slinning

HYLLEST: - Vi må ikkje gløyme historiene knytte til området på kysten, seier Jan Arild Slinning, medeigar i firmaet Kannesteinen, som lanserer konjakk med same namn i november.

– Vi dreiv på i eitt år å jobba mot eit konjakkhus som heiter Château de Montifaud i Frankrike og fekk dei til å opne ein batch med konjakk frå 1930 og 1935 slik at vi fekk blenda han nettopp for at ein enkeltdel av historia skal kunne kjennast på smaken, seier Jan Arild Slinning, som står bak konjakken Kannesteinen.

Den engelske trålaren Venus sokk i desember 1931 ved Hendaneset fyr og fem mann omkom. Dette var i forbodstida, og trålaren hadde minst 18.000 liter smuglarsprit ombord.

Mykje av spriten vart berga av bygdefolket, og gøymt unna slik at korkje politi eller tollarar fekk has på det. Dermed hadde dei smuglarsprit for mange år frametter. Enkelte vil ha det til at spriten varte heilt fram til på 1960-talet.

80-årsjubileum i desember

Slinning driv saman med Tore Årdal driv det vesle selskapet Kannesteinen DA. Firmaet vart i juni 2010 registrert som importør av vin og brennevin.

Dei to utflytte Måløy-karane har valt å bruke historia om båten Venus som sokk utanfor Kannesteinen ved Hendanes fyr i 1931 som bakteppe for den nye konjakken.

Og for å trekkje linjene 80 år tilbake, er konjakken blenda med konjakk frå 1930-talet, slik at ei nesten skal kunne «smake» 80 år tilbake.

(Artikkelen held fram under biletet)

Konjakk2

HISTORIE: Dei to måløyværingane som står bak både konjakk og akevitt, vil at folk skal få både smak og historie når dei nyt edle dråpar.

Foto: Tore Årdal

– Det er 80-årsjubileum for ulykka den 12. desember, seier Slinning.

Lanseringa av Kannesteinen konjakk er på mange måtar eit minne om forliset. Namnet på konjakken, Kannesteinen, har dei valt for å hylle kystnaturen rundt Måløy og Vågsøy.

– Vi har tenkt det som ein hyllest, slik at vi ikkje gløymer historiene knytte til området her, seier Slinning.

Skal kjenne historia i smaken

Dei to karane har ein eigen filosofi bak prosjektet, og ønskjer å drive historieformidling.

– Vår filosofi er at når du drikk noko, så skal du kjenne noko av historia i smaken, seier Slinning, og legg til at det er nett difor akevitten Storm er laga på tang frå Kannesteinen, og det er difor konjakken Kannesteinen er blenda med konjakk frå 1930-talet.

Dei har frå før lansert akevitten Storm, som er den einaste i verda som er laga på tang frå Kannesteinen.