Hopp til innhold

Lang fengselstraff for mishandling

Aktor krev fire og eit halvt års fengsel for hovudmannen og to år for medhjelparen i saka der ein mann frå Molde skal ha vorte mishandla på ei hytte i Årdal i juni i fjor.

Magne Nyborg
Foto: Bård Siem / NRK

Det var på ei hytta som ligg ved Øvre Årdal i Sogn at den påståtte mishandlinga skal ha skjedd. Ein 42 år gammal mann frå Molde hevdar han vart mishandla på det grovaste ei heil natt.

-Eg vart slått i knea med hammar, brend med sigarattar, sparka og slått. Eg var sikker på at eg skulle døy, sa den fornerma i retten.

Innlagd på rusklinikk

Hovudtiltalde, som for tida er innlagd ved ein rusklinikk i Ålesund, vedgjekk at han jula opp 42-åringen.

-Det er ingen tvil om at eg gjekk for langt. Det beklagar eg. Men eg har aldri brukt hammar eller andre slagreiskap, sa hovudtiltalde. Hovudtiltalde hevda valden skjedde i samband med bruk og sal av narkotika. Då 42-årigen ikkje hadde med seg nok amfetamin, byrja hovudtiltalde å bruke vald.

Samlestraff

Hovudtiltalde, som er i 40-åra og har budd fleire ulike stader kring om i landet, ventar på å sone ein dom på to års fengsel for grov vald mot sin tidlegare sambuar. Påstanden om fire og eit halvt års fengsel er ei samlestraff for dei to forholda.

Aktor Magne Nyborg meiner det ikkje er tvil om at hovudtiltalde brukte slagreiskap.

- Eg meiner det kan førast bevis for at hovudtiltalde brukte slagreiskap, seier Nyborg. Forsvararen til tiltalde meiner det ikkje finst besvis for at det vart brukt slagvåpen. Dom i saka kjem truleg innan 14 dagar.