Hopp til innhold

«Det er kaotiske tilstandar»

Det ligg snø i vegbana på samtlege fjellovergangar i Sør-Norge. Mykje tyder på at slik vil det vere - nokre dagar framover.

Sogndalsdalen

SOGNDALSDALEN: Dette biletet vart teke i Sogndalsdalen søndag ettermiddag.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I dag er det «forbode» å køyre over fjellet med sommardekk, er den klare meldinga frå Statens vegvesen.

– Slik det er no, så rår vi berre til bruk av vinterdekk. Ingen må legge ut på vegane med sommardekk om dei skal over fjellet, seier vaktoperatør Lene Vestrheim hos vegmeldingssentralen i Fyllingsdalen.

Har skapt problem

Rådet er både velforståande og godt. For samtlege fjellovergangar i Sør-Norge har no snø i vegbana. Snødekkje har skapt vanskar for bilistar er sikkert.

Vegen sperra i Sogndalsdalen.

STENGD: Snøføret har ført til store problem for bilistane i Sogndalsdalen.

Foto: Arve Uglum / NRK

Ei 55 år gamal kvinne er send til sjukehus med lettare skader etter ein frontkollisjon ved Hodlekve i Sogndalsdalen. I tillegg har fleire bilar køyrt av vegen og fått store problem på snøføret. Også på Filefjell skal bilar ha hamna i grøfta.

Ole Eivind Henden fortel om kaotiske tilstandar på veg gjennom Sogndalsdalen.

– Det er utruleg glatt. Vi telde to bilar i grøfta, den eine godt i grøfta, og fleire bilar med problem. Kjem du der på sommardekk, så har du ikkje grep sjølv i 20 km/t, fortel han.

Heile sør-Norge

– På veg sørover møter du snø når du kjem ut frå Frudalstunnelen. Det kan virke som om ikkje alle bilistane er budd på det, legg han til.

Utforkøyring i Sogndalsdalen.

UTFOR: Bil sklei av vegen i Sogndalsdalen.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

NRK har også snakka med fleire bilistar som fortel om svært vanskeleg føre gjennom Sogndalsdalen. Andreas Macsik er på veg frå Sogndal til Fjærland.

– Det er rett og slett såpeglatt. Eg er glad eg la om til vinterdekk i dag. Eg køyrde forbi tre bilar med problem; ein i grøfta, ein i autovernet og ein som ikkje kom seg av flekken. I tillegg har eg høyrt om ei trafikkulukke bak oss, seier han.

Det overraskar ikkje Vestrheim hos vegmeldingssentralen.

– Det er snødekkje i vegen på alle fjellovergangar i Sør-Norge. Det er ikkje snakk om store mengder, men det er nok til at det dekkjer vegen, seier ho.

Snø over 500 meter

Bilberging i Sogndalsdalen

BILBERGING: Dette biletet er teke i Sogndalsdalen.

Foto: Henning Juklestad

Statsmeteorolog Oddlaug Nese seier at slik kan det fort bli dei neste dagane.

Det er venta nedbør dei neste dagane. Og den kan fort komme som snø.

– Snøgrensa vil variere lokalt, men frå 500 meter og oppover, så kjem nok nedbøren som snø. Skulle eg køyrt over fjellet, så ville eg skodd meg for det, seier Nese.

Nedbør i vente

Filefjell

FILEFJELL: Dårlege køyreforhold på Filefjell.

Foto: Asgeir Ripe

– No kjem det ein front over oss som vil gi seg i løpet av ettermiddagen. Då vil det gå over til bygeaktivitet. Det blir litt mindre nedbør i kveld og natt, men vil ta seg opp att i morgon, seier statsmeteorologen.

Lyspunktet kjem først torsdag då Vervarslinga på Vestlandet sine modellar er samde om at det vil bli ein tørr og fin dag.