Hopp til innhold

Ambulansemann vart brått pasient

Brannmannen og ambulansearbeidar Frank Nyland skulle hjelpe til under den dramatiske bensinstasjonbrannen på Sande. I staden hamna han sjølv på sjukehus.

Frank Nyland

SKADD: Frank Nyland manglar hinna over lårmuskelen etter å ha blitt skadd under bensinstasjonbrannen på Sande.

Frå å sjølv vere ein redningsmann har det dei siste vekene vore Nyland som har fått oppleve helsevesenet innanfrå. Det har blitt ei minnerik oppleving som han sjølv meiner er ei god erfaring.

– Då ulukka skjedde visste eg godt kva som kom til å skje. Men eg har fått meg nokre aha-opplevingar også.

Erfaren brannmann vart pasient

Då NRK møter Nyland ligg han framleis på Førde sentralsjukehus. Fordi han ikkje lenger er så sjuk at han treng medisinsk oppsyn heile tida har han i delar av opphaldet fått nyte privatlivets fred i det som er eit eige hotell for pasientar ved sjukehuset.

Då han reiste på jobb for litt over to veker sidan var det aller siste han tenkte på at han skulle hamne på sjukehus.

Nyland har arbeidd som brannmann i 14 år. I tillegg har han jobba i helsevesenet sidan han var tidleg i 20-åra og som ambulansearbeidar dei siste fire åra.

Han var som ein av over 20 brannmenn som vart kalla ut til å hjelpe til under den dramatiske brannen på bensinstasjonen på Sande. Bygningen vart raskt overtent og ein frykta lenge at brannen skulle spreie seg til pumpene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frank Nyland

LÆRERIK: Sjølv om han sjølvsagt aldri håpte hamne på sjukehus, ser han på opplevinga som lærerik for jobben som ambulansearbeidar.

Slo hol på oksygenflaske

Nyland er aktiv sjukemeld, men alle krefter måtte i sving då flammane herja med bensinstasjonen. 43-åringen frå Sande vart sett til å fylle på oksygen på luftflaskene til røykdykkarane. Men så gjekk det gale.

– Eg gikk og bar på ei luftflaske då eg mista den ned. Toppen vart slått av og den tok seg ein skikkeleg luftetur før den trefte meg på baksida av høgre låret, seier Nyland.

Han forstå kva som kom til å skje allereie før han fekk flaska i låret. 1600 liter luft gjekk ut av flaska på 30 sekund, og då han høyrde den illevarslande hvesande tutelyden forstod han at han var ille ute.

– Den trefte meg ganske med eingong på runddansen min. Men medan den låg og spann på bakken måtte eg berre stå stille. Eg var allereie dårleg til beins på grunn av eit slitna leddband i venstre kne, men då dette skjedde vart det endå verre, fortel Nyland.

– Som slaget av ei slegge

Berre meter unna Nyland stod ambulansearbeidarane og såg på kva som skjedde. Heller ikkje dei kunne gripe inn før flaska hadde lagt seg til ro på bakken.

– Då kom dei springande til og fekk lagt meg på ei båre. Så bar det rett i ambulansen, seier Nyland.

Rett etter at flaska trefte han i låret kjende han ikkje smertene. Adrenalinet pumpa i kroppen, men vel inne i ambulansen byrja smertene å merkast.

– Det var som å få eit slag med ei slegge, men det var ikkje ilt der og då, men inne i ambulansen vart det veldig ilt. Då fekk eg morfin og vart god behandla av kollegaene mine.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flammar veltar ut av vindauget på bensinstasjonen
Foto: Steinar Lote / NRK

– Fekk meg nokre a-ha-opplevingar

Nyland er sjølv vant til å vere den som gir medisinane, ikkje den som får dei. For han var det difor godt å kjenne ambulansearbeidarane og han visste han ville bli godt ivareteken. Også då han kom til sjukehuset møtte han kjente fjes.

– Eg vart sendt til traumemottak, og her har eg vore mange gonger før og levert pasientar. Men det var noko heilt anna når eg var der sjølv. Eg trudde eg visste korleis det kom til å bli, men her fekk eg meg nokre a-ha-opplevingar, seier Nyland.

Etter å ha fått morfin i ambulansen fekk han no ein annan type medikament. Ketalar er vanleg å gje i traumemottak og verkar motsett av morfin.

– Dette er ein type medikament som blir gitt for å kunne sjekke pasienten. Eg vart veldig vaken og følte meg nesten heilt skrudd i skallen. Det på ein måte ein ut av deg sjølv oppleving, seier Nyland.

Det var eit mareritt

Seinare same kveld vart Nyland operert. 17 dagar seinare manglar han endå hinna over lårmuskelen, og før den er tilbake får han ikkje reise heim. Med nokre dagars mellomrom vert han lagt i narkose for å skifte bandasje på såra, men han er elles frisk.

Nyland er glad han etter kvart er blitt så frisk at han slepp bu på firemannsrom på ortopedisk avdeling. I staden har han den siste perioden fått bu på pasienthotellet der han får ha eige rom og eige bad.

– Dei første dagane var eit mareritt. Det er folk rundt deg heile tida, og du blir sliten, fortel Nyland.

– Eg trur eg forstår pasientane betre

Han håpar å vere tilbake i jobben som ambulansearbeidar om ein månads tid. Før den tid har han fått god tid til å fordøye det som har skjedd. Og han er sikker på at han har lært mykje av opplevinga.

– Eg har fått oppleve korleis folk jobbar. Og eg må verkeleg rose dei som jobbar på ortopedisk avdeling, dei har ein verkeleg hektisk jobb.

Han gjer seg også nokre tankar om det å kome tilbake i ambulanse.

– Eg trur eg kan klare å setje meg litt meir inn i korleis pasientane våre har det. Korleis dei har det når dei blir redde og til dømes korleis det er å ligge høyre på ei sirene som ular på taket, seier Nyland og legg til:

– Og for ikkje å snakke om effekten av medisinane, det var som sagt ei a-ha-oppleving.