Hopp til innhold

Mann døydde etter fall frå tre

Ein mann i 60-åra omkom i ei arbeidsulykke i Naustdal i ettermiddag.

Ulykke Hove

KOM RASKT: Både ambulanse og luftambulanse kom raskt til staden, men livet til 60-åringen stod ikkje til å redde.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Ein person omkom i samband med skogsarbeid i Naustdal. Mannen, som var i 60-åra, skal ha falle ned frå eit tre, opplyser operasjonsleiar Hans Petter Harlemved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulykka vart meld om lag klokka 15.30 og skjedde i eit skogholt nokre hundre meter frå heimen til den omkomne på Hove i Naustedalen, eit par kilometer frå Naustdal sentrum.

Familiemedlem som fann mannen

Det var eit familiemedlem av den omkomne som fann den skadde mannen, og varlsa om ulykka. Det er ikkje klart kva form for skogsarbeid den omkomne var i gang med då ulykka hende.

Det var ingen vitne til ulykka, då mannen var åleine då uhellet skjedde.

Vart erklært død på staden

Ambulanse og luftambulanse kom til ulykkesstaden om lag klokka 15.30, men livet stod ikkje til å redde, og mannen vart erklært død på staden.

Ulykka vil bli etterforska av Førde og Naustdal lensmannskontor som ei arbeidsulykke.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.