Hopp til innhold

Ventetid på ein time på Oppedal

Ferjesambandet Lavik - Oppedal har ventetid på ein time fredag kveld.

M/F Svanøy mellom Lavik og Oppedal

SLIT: Hengedekket på M/F Svanøy er ikkje i full drift fredag ettermiddag. Det fører til kø.

Foto: Monika Stusdal Sagen

- Det er problem med hengedekket på ferja Svanøy, og difor går ikkje ferja med full kapasitet, seier Tore Tysse, vakthavande ved vegtrafikksentralen.

Ein time å vente
Bilferja Gloppen.

PÅ VERKSTAD: Bilferja Gloppen som vanlegvis patruljerer Lavik- Oppedal er på verkstad.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Dermed vert fredagskøen ekstra lang i dag.

- Det er vanlegvis mykje trafikk på fredagane, men i dag er det ekstra. Det er på Oppedalsida det har danna seg kø, forklarer Tysse.

Det er vanlegvis ferja Gloppen som går mellom Lavik og Oppedal, men no er den på verkstad og Svanøy vart sett inn som erstattar.

Mindre kapasitet

Den har også noko mindre kapasitet.

- Vi håpar det vil roe seg ganske snart. Men folk må bu seg på å vente i opp mot ein time, seier Tysse.