Hopp til innhold

Dykkarar søkte etter sakna mann

Dykkarar frå Kystvakta gjorde laurdag søk etter mannen (57) som er sakna i sjøen utanfor Kalvåg i Bremanger.

Redningsskøyta Halfdan Grieg søkjer ved Batalden.

Redningsskøyta Halfdan Grieg har og vore med i leiteaksjonen etter den 57 år gamle mannen.

Foto: Halfdan Grieg

Leiteaksjonen etter mannen vart offisielt avslutta fredag kveld og politiet går no ut frå at mannen er omkomen.

Mannen vart sist sett natt til onsdag og seinare same kveld vart båten til mannen funnen tom ved Kinn. Det har blitt leita med både helikopter, redningsskøyter og store styrkar langs land, men ein har ikkje funne spor etter mannen.

Laurdag leitte tre dykkarar frå KV Tor etter mannen i eit område utanfor Kalvåg der mannen brukte fiske. Det vart ikkje gjort funn, opplyser politiet til NRK laurdag ettermiddag.

Politiet har laurdag frigjeve namnet på mannen det vert leita etter. Det er 57 år gamle Bernt Martin Liset som har vore sakna sidan onsdag.