Ingunn Yssen, som vart landskjend som kvinna som stod opp mot LO-leiar Gerd Liv Valla sin leiarstil, er full i lovord over utspelet frå mellom andre Jarle Kirketeig.
Han og fleire andre noverande og tidlegare tilsette i Fellesforbundet, har denne veka kome med hard kritikk av leiar Fellesforbundet avdeling 19, Magne Ulvatn.
– Kirketeig er veldig modig. Fordi det er ikkje berre å stå fram og fortelje ei slik historie. Han seier det jo sjølv, han kunne gått frå jobben. Men han vil ikkje gjere det fordi, han ikkje vil overlate dette til nokon etter seg, seier Yssen til NRK.
Ho stod sjølv oppreist i stormen som førte til at LO-leiaren måtte gå av i 2007.
Sterkt kritisk
Både Jarle Kirketeig og mangeårig fagforeningsmann Jan Olav Gjerde, meiner at Magne Ulvatn har hatt ein leiarstil som har vore både mobbande og trakasserande.
– Når ein tenkjer på at ein jobbar i ei fagforeining og går til leiaren sin og spør om å få vere med jentungen på første skuledag, noko ein har rett til etter tariffavtalen, og får beskjed om... skal eg bruke orda ordrett; «No får du faen meg gje deg, det er ikkje vi som betalar for desse ungane dine. Dette får du sende kona di på.», fortalde Jarle Kirketeig til NRK.
- LES OGSÅ:
NRK har gjort ei rekkje forsøk på å få Magne Ulvatn til å kommentere kritikken, men han har førebels ikkje ønska dette.
– Tungt psykisk
Jan Olav Gjerde har heller ikkje vore nådig i sin kritikk av leiaren i Fellesforbundet.
– Det utvikla seg i negativ retning i form av overdriven kontroll, det var mistenkeleggjering, einskilde tilfelle av utskjelling i plenum. Det gjekk på sjølvkjensla laus til slutt. Sat etter kvart med ei oppfatning av at ein ikkje kunne noko, ikkje var brukande til noko som helst. Det var frykteleg tungt psykisk, meiner Gjerde.
- LES OGSÅ:
Kallar det uverdig spel
Fylkessekretær I LO, Arvid Langeland, meiner på si side at dei som no har gått ut mot Ulvatn, burde halde kjeft.
- LES OGSÅ:
– Eg meinar dette her er eit uverdig spel det som foregår. Det er uverdig i forhold til fagrørsla. Eg tykkjer det vitnar om ei offentleg avretting. Kor mykje skal ein tillitsvald tole frå sine eigne. Dei kan varsle internt, meiner Langeland.