Hopp til innhold

Stod fast på fjellet i sju timar

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Dårleg ver førde til at to turgåarar måtte vente over sju timer på hjelp til å komme seg ned frå fjellet.

Like før klokka halv eitt natt til søndag, fekk politiet melding om at to personar måtte ha hjelp i området ved Store Skagastølstind i Luster.

Dei var ikkje skadde, men stod fast like nedom toppen på sørsida av fjellet.

På grunn av vêret måtte redningsmannskapet vente til det lysna før Sea King-helikopteret og bregruppa til Hafslo Røde Kors blei sett inn.

Kvart på åtte søndag morgon blei personane henta med helikopteret og flogne til Turtagrø.