Hopp til innhold

Promillemistanke etter uhell

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein mann i 50-åra er mistenkt for promillekøyring etter eit trafikkuhell i Lavik sentrum.

Politiet fekk melding om uhellet i 16.20-tida fredag. Mannen var åleine i bilen då han køyrde i ein murvegg. Både ambulanse og politi rykte ut til staden.

Ifølgje politiet vart ikkje mannen skadd i uhellet. Han vart likevel teken med til lege for blodprøvetaking etter mistanke om køyring i ruspåverka tilstand.