Hopp til innhold

Ferske bjørnespor i Jostedalen

Onsdag vart det funne nye spor etter bjørn i Jostedalen. Sverre Tveiten i Statens Naturoppsyn seier at spora er ferskare enn det siste funnet av sauekadaver i Jostedalen.

Einar Blikra (t.v.) og Kjetil Ruud fann bjørnespor i Krundalen.
Foto: MMS-foto:Asgeir Reksnes / NRK

Tre bønder var onsdag ute og gjekk i fjellet på nordsida av Krundalen då dei kom over spora. Gardbrukar Einar Blikra seier dei er sikre på at spora er ferske.

- Vi var litt usamde om dei var eitt eller to døger gamle, men eldre enn det er dei iallfall ikkje.

 

Spor etter den forrige bjørnen som vitja fylket i 2006.
Foto: Ove Haugen

Laurdag fann Ove Haugen det han meiner er ferske bjørnespor i Krundalen.

Lam kom ned frå fjellet

Tysdag såg Einar Blikra og to andre bønder i Jostedalen at lam kom ned frå fjellet utan vaksne sauer. Det eine lammet var stygt bite. Bøndene frykta det kunne vere bjørn, og valde difor å gå til fjells onsdag for å sjå om dei kunne sjå spor etter han. Og opp mot breen, på nordsida av Krundalen, fann dei i går spor.

- Vi er ikkje i tvil om at det er bjørnespor.

- Spora er ferske

Torsdag var folk frå Statens Naturoppsyn oppe i området for å sjå på spora. Dei konkluderer med at spora er ferskare enn funnet av det siste sauekadaveret i Jostedalen, det vil seie to veker, men at dei truleg er langt ferskare enn det.

- Ikkje ny jakt

I slutten av juni gitt vart det gitt fellingsløyve på streifbjørnen som til saman har drepe omlag 15 sauer i fylket, mesteparten i Jostedalen. Men leitinga etter bjørnen gav ikkje noko resultat, og løyvet har no gått ut. Fungerande miljøvernsjef hjå Fylkesmannen, Bjarne Nes, seier at dei nye observasjonane ikkje er nok til ei ny bjørnejakt i Jostedalen.

- Frykteleg frustrerande

Det er ikkje funne nye sauekadaver, men bøndene er likevel heilt sikre på at bjørnen framleis er i Jostedalen.

- Det er frykteleg frustrerande, for kvar gong vi er oppe i fjellet, og det har vore ofte i det siste, så finn vi lam som går åleine og brekar etter mora, seier Einar Blikra.