Hopp til innhold

– Vil få ei utfordring i skulane

Mange kommunar vil få ein utfordring dei neste åra for å oppretthalda talet på lærarar i skulane. I nokre kommunar i fylket er kvar fjerde lærar over 60 år, noko som vil by på utfordringar når dei går av med pensjon.

Lærer, matematikk

(Illustrasjonsbilete)

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Statistisk sentralbyrå la førre veke fram tal som syner at talet på lærarar over 60 år i kommunane varierer stort. I 10 kommunar i landet er kvar fjerde lærar over 60 år.

– Det som er hovudutfordringa er å klare utskiftinga, det å klare å få nok nytt lærarpersonale når dei eldre går av med pensjon, seier Gunn Marit Haugsbø som er fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane.

Kommunal Rapport la førre veke ut ei enkel oversikt over antal lærarar som er over 60 år i kommunane i Noreg. Blant kommunane i fylket er det Gaular som har flest lærarar over 60 med 25,5 %, medan Lærdal har færrast med berre 4,7 %.

Gunn Marit Haugsbø

Gunn Marit Haugsbø

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Framtidig utfordring

– Denne situasjonen har me vore klar over lenge, og me har god oversikt over tilhøva i Sogn og Fjordane. Det som er viktig for kommunane no er det å leggja til rette for god personalpolitikk, der ein ivaretek dei godt vaksne lærarane slik at dei vil vera lenge i yrket.

Haugsbø seier at det ikkje er noko problem at ein stor del av lærarane er over 60 år. Ho meiner at dei fungerer særs godt og er ein enorm ressurs for både elevar og kollegaer. Hovudutfordringa blir det å klara å tilsetja like mange kvalifiserte personar som det går av.

– Det er ikkje noko hinder å vera over 60 år, du kan framleis vera ein dyktig lærar. Det som er hovudutfordringa er å klare utskiftinga, det å klare å matcha avgangen samstundes som ein får tak i kvalifiserte personar.

Mange vil førtidspensjonera seg

Ein rapport Respons analyse har utarbeidd for Utdanningsforbundet syner at mange unge lærarar ikkje ser føre seg å forbli lærarar heilt fram til pensjonsalder.

Heile 44 % av dei spurde lærarane under 35 år trur ikkje dei kjem til å bli i yrket til dei skal pensjonera seg, medan berre 2 % av dei spurde over 55 år svarar det same. Dette snur seg på spørsmålet om dei vil førtidspensjonera seg, der heile 52 % av dei over 55 år seier dei vil nytta seg av denne moglegheita, medan berre 9 % av dei under 35 år trur dei vil gjera det same.

– Desse tala heng saman med kor gode kommunane er til å tilretteleggja for at lærarane skal stå heilt til pensjonsalder. Det heng saman med arbeidsoppgåver og arbeidspress, og kjensla av det å ikkje ha tid til det ein burde gjera, seier Haugsbø.

– Skal ein ynskje å bli verande i yrket, so må ein oppleve at ein lukkast i jobben. Difor er ein god personalpolitikk, der lærarane får brukt kreftene sine på dei viktigaste oppgåvene i skulen, særs viktig.

Haugsbø meiner det er ei kjempeutfordring å gjere distriktsskulane attraktive for nyutdanna lærarar.

– Eg trur at dei ungdomane som er frå fylket og ser på læraryrket som eit spanande yrke, vil komma å jobba her. Det som er viktig er at dei nyutdanna blir tekne godt i mot og at dei får ei kjensle av å lykkast i det arbeidet dei gjer.