Hopp til innhold

Soldat (21) omkom i fallulukke

Ein 21 år gamal vernepliktig soldat heimehøyrande i Sogn og Fjordane omkom seint fredag kveld etter at han ramla ut av eit vindauge i tredje etasje i Målselv i Troms.

Soldat omkom i fallulukke i Målselv

FALLULUKKE: Det var frå eit vindauge i tredje etasje i denne bygningen at den 21 år gamle mannen ramla ned fredag kveld.

Foto: Stein Wilhelmsen/Nordlys

Ulukka skjedde på ein dimmefest i Målselv Fjellandsby seint fredag kveld. 21-åringen ramla ut av eit vindauge i tredje etasje – eit fall på mellom åtte og ti meter ifølgje politiet.

- Miljøet er sterkt prega

Politiet fekk melding om den tragiske hendinga ved 23.30-tida og både sivilt politi, militærpolitiet, ambulanse og helikopter rykte ut til staden.

Den unge soldaten fekk behandling av ambulansepersonell som kom til staden, men døydde i helikopteret på veg til Universitetssjukehuset Nord-Norge i Tromsø.

Til avisa Nordlys seier Hærens informasjonssjef i Nord-Norge at miljøet er sterkt prega av det som har skjedd.

- Det er jo tragisk. Det er heilt forferdeleg. I eit lite miljø som det blir i ein leir som denne, blir alle veldig prega, seier Marianne Øiahals til avisa Nordlys.

- Det ser ut som eit uhell

Den omkomne 21-åringen er frå Sogn og Fjordane og tilhøyrde maskinkompaniet i ingeniørbataljonen på Skjold leir, opplyser forsvaret.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om kva som har skjedd i forkant av ulukka.

- Det er gjort undersøkingar på staden, men det er ikkje konkludert med noko. Det kan sjå ut som at det er eit uhell, seier operasjonsleiar Bengt Giæver Johansen til avisa.

Forsvaret sitt stressmeistringsteam har teke hand om dei andre soldatane som var til stade på dimmefesten.