Hopp til innhold

Stogga varebil med 20 bilbatteri

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Ein litauisk varebil vart natt til søndag stogga på E39 ved Breim. I lasterommet fann politiet 20 brukte bilbatteri.

Det var klokka 02.58 natt til søndag at ein politipatrulje frå Gloppen lensmannskontor stogga den lyse varebilen på europavegen.

Fekk køyre vidare

Den heller uvanlege lasta vart inspisert, men politiet fann ikkje grunn til å halde på verken køyrety eller bilførar.

- Det er ikkje kjent for politiet at det har blitt stole bilbatteri nokon plass. Men dersom dette er tilfelle må dei ta kontakt med politiet, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Brukte bilbatteri vert i mange land i Aust-Europa selde vidare for meir enn det er verdt i Norge. I tillegg er det kjent at enkelte utnyttar dei brukte bilbatteri ved at dei tek ut blyet som er i dei.

Fleire kontrollar

Politiet har hatt fleire kontrollar langs vegane i Sogn og Fjordane i løpet av natta.
I Sogndal kontrollerte politiet 20 bilførarar i sentrum. Her fekk ein bilførar gebyr fordi han ikkje brukte bilbelte.

I Årdal kom ein bilførar heim med ei klekkeleg bot etter nattas køyretur. Etter å ha køyrd mot eit skilt med «Innkøyring forbode» fekk bilføraren ei bot på 4200 kroner. Til saman vart 10 bilførarar kontrollerte.