Hopp til innhold

Rykte ut til grasbrann i byggjefelt

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Brannvesenet i Lavik rykte laurdag kveld ut til ein grasbrann i sentrum.

Alarmsentralen Sogn og Fjordane fekk melding om brannen litt over klokka åtte laurdag kveld.

Brannvesenet ved stasjonen i Lavik rykte ut til brannen som var i eit byggjefelt i Lavik sentrum i Høyanger.

– Det var ingen dramatikk og brannvesenet fekk raskt kontroll, seier vaktleiar ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane til NRK.no.

Aksjonen vart avslutta litt før klokka ni.