Hopp til innhold

Braut seg inn med øks - politiet hadde ikkje pengar til å rykkje ut

Då to rusa personar var på veg til å bryte seg inn i leilegheita, ringte Gjert Solheim politiets nødnummer tvert. Der fekk han beskjed om å ta hand om situasjonen sjølv.

Braut seg inn med øks i Måløy

INNBROT: To personar braut seg inn i eit hus natt til onsdag i Måløy. Dei hadde øks med seg og var rusa.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Utanom kontortid har ikkje politiet pengar til å rykkje ut, med mindre liv står i fare. Det fekk huseigaren i Måløy oppleve.

Natt til onsdag i førre veke braut to personar med øks seg inn i ei leilegheit i Måløy. Men då huseigar Gjert Solheim ringte politiets nødtelefon, fekk han beskjed om at dei ikkje hadde pengar til å rykkje ut.

– Det er heilt uhaldbart. Då er ringte 112 fekk eg beskjed om at politiet ikkje rykkjer ut med midre liv og helse står i fare. Det er heilt uakseptabelt etter mi meining, seier Solheim til NRK.no.

Kunne ikkje rykkje ut

Solheim bur i Svelgen, men har ei leilegheit han leiger ut i Måløy. Det var ein av naboane som ringte Solheim då dei to rusa personane var i ferd med å bryte seg inn i leilegheita. Solheim visste ikkje om leigebuaren var heime eller ikkje.

Han ringte til politiet med ein gong, men fekk beskjed om at politiet ikkje ville rykkje ut. I staden fekk han beskjed om å ta hand om situasjonen sjølv.

– Politiet spurte om eg kunne få tak i ein nabo eller om eg kunne reise til staden sjølv. Eg var ikkje tilfreds med å sende inn ein nabo, for ein slik situasjon kunne utvikla seg. Det kunne jo vore farleg. Ein veit aldri kva rusa personar med øks kan finne på, seier Solheim.

Han fortalde historia i Fjordenes Tidende i dag.

Vil sende skriftleg klage

Dei to personane knuste eit vindauge med øksa, men dei skal ikkje ha stole noko, ifølgje Solheim.

– Dei var i leilegheita for å feste og drikke. Så det var i grunn ganske harmlaust. Men eg veit ikkje om det hadde vore så veldig harmlaust dersom dei hadde blitt forstyrra. Eg veit rett og slett ikkje korleis rusa personar ville reagert i ein slik situasjon, seier Solheim.

– Eg tykkjer det er fullstendig sviktande frå politiet si side å ikkje rykkje ut. Eg føler meg ikkje trygg visst det er slik det skal vere. Det er ikkje akseptabelt at dei ikkje rykkjer ut, seier Solheim.

Han vil no sende ein skriftleg klage på politiet. Han aksepterer ikkje at pengemangel skal vere eit argument for å ikkje rykkje ut til ei slik hending. Solheim, som i fleire år har arbeidd i brannvesenet, seier terskelen for å rykkje ut der er langt lågare.

– I brannvesenet sender ein gjerne ut ti mann på ein automatisk brannarlarm som viser seg å berre vere ei tørrkoking. Det kan ikkje vere slik at ordensmakta ikkje rykkjer ut, seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

BEKLAGELEG: Lensmann i Vågsøy, Tormod Hvattum, seier det er beklageleg at dei må seie nei til oppdrag. Budsjettet er for stramt.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Politiet: – Vi har for lite pengar

Lensmann Tormod Hvattum ved Vågsøy lensmannskontor seier det er beklagleg at dei må seie seie nei til oppdrag. Men den økonomiske situasjonen er så stram at dei ikkje har noko val:

– Den politiske leiinga i Justisdepartementet seier politiet aldri har fått så mykje pengar som no, men vi opplever det stikk motsette, seier lensmannen til NRK.no.

Han fortel at dei har politifolk i aktiv teneste store delar av døgnet, og at terskelen for å rykkje ut er høg på kvelds- og nattestid.

– Hadde innbrotet skjedd medan vi hadde folk i aktiv teneste, så hadde vi reist til staden. Vi ønskjer sjølvsagt å rykkje ut på alle meldingar vi får, men vi er samstundes nøydde til å prioritere, seier Hvattum.

– Eg skulle ønskje vi kunne vore i stand til å yte betre service. Vi er ikkje i stand til å gjere jobben vår med det budsjettet vi har i dag, seier Hvattum.

– Så du forstår frustrasjonen til huseigaren?

Ja! Eg forstår frustrasjonen godt. Eg hadde vore like frustrert om eg hadde vore huseigar, svarar lensmannen.

Ifølgje Hvattum visste ikkje politiet at dei to personane hadde med seg øks.

Departementet: – Politiet har fått meir pengar

Terje Moland Pedersen

STATSSEKRETÆR: Terje Moland Pedersen.

Foto: John Petter Reinertsen

NRK.no har i dag vore i kontakt med både Politidirektoratet og Justis- og politidepartementet.

Direktoratet meiner det er den enkelte politimeister som må svare for prioriteringane innan eige distrikt.

Departementet viser til tidlegare intevju med statssekretær Terje Moland Pedersen. 14. mars i år sa han følgjande:

– Politiet i heile Norge har fått ein realvekst i høve fjoråret, så det bør vere mogleg å vidareføre eit godt politiarbeid også i 2011. Budsjettet for i år har auka, sa Moland Pedersen.