Hopp til innhold

Ein av fem lever med rasfare

Nesten 20 000 personer i Sogn og Fjordane som lever i rasutsette område. Det viser tal frå ny forskningsrapport.

Kjemperas ved Ese i Balestrand

RASUTSETT FYLKE: Kjemperaset ved Ese i Balestrand i helga er eitt av mange store ras denne vinteren.

Foto: Robert Jan Leerink

- Det er svært dyrt å sikre områda, seier forskar Eli Heiberg i Vestlandsforsking til Sogn Avis.

Berre i Sogn og Fjordane lever 19 423 personer lever i potensielle rasområde. Det er nesten 20 prosent av fylket med 107 000 innbyggjarar.

Dei oppsiktsvekkande tala kjem fram i ein rapport som Vestlandsforsking har gjennomført for KS. Forskar Eli Heiberg seier kartlegging av skred er svært dyrt for rasutsette kommunar.

Store skilnader

Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane er dei fylka med flest bygningar og innbyggjarar i utsette område for stein- og snøskred.

Omkring 60 prosent av alle som bur i skredutsette område, bur i desse to fylkene.

I dei tre nordligaste fylka er det også relativt mange som bur i skredutsette stadar, medan Trøndelag, sørlandet og austlandet nesten ikkje er representert på lista.

Rasutsatte per 1000 innbyggjar

STORE SKILNADER: Diagrammet viser talet på rasutsette per 1000 innbyggjar.

Større kartlegging

Etter dei mange rasa i løpet av sesongen har det vore spekulert i at styresmaktene i framtida skal krevje at kommunane skal rasutsette bustadar.

Men det er full forvirring om kven som skal betale rekninga.

Vil at staten skal betale

Det at Sogn og Fjordane har nær 20 000 menneske som lever med rasfare meinar Eli Heiberg gjer at fylket ikkje har moglegheit til å følgje opp med tiltak.

Ho meiner at ei kartlegging av alle desse områda vil vere ein så kostnadskrevjande jobb for kommunane, at dei rasutsette i Sogn og Fjordane vil bli fulgt opp i langt mindre grad enn andre stadar i landet.

- Staten må ta eit tungt økonomisk ansvar. Det trur eg vil vere avgjerande for å gje alle område i landet lik og grundig behandling, seier Eli Heiberg til Sogn Avis.

Ordførar einig

Einar Målsnes

KREV PENGAR: Balestrand-ordførar Einar Målsnes har ikkje ressursar til å sikre innbyggjarane sine godt nok mot ras og flaum.

Foto: Balestrand kommune

Ordføraren i ras-kommunen Balestrand, Einar Målsnes, deler synspunkta til Heiberg i Vestlandsforsking. Han meiner små kommunar som kanskje er fråflytningstrua aldri vil ha ressursar til å kartleggje ras på ein måte som vert kravd av NVE.

- Me trudde me hadde god nok kartlegging, men rasa dei siste vekene har vist at det trengs betre sikring. Og denne kostnaden må staten ta i mykje større grad, seier Einar Målsnes til NRK.no.

Ordføraren presiserar at dette er ein ganske ny problemstilling, då komptetansen for rassikring har vore dårleg berre for få år sidan.

Politisk rådgiver i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes.

BIDRAR NOK: Ivar Vigdenes i Olje- og energidepartementet meinar staten har gjort mykje for å sikre ras dei siste åra.

Foto: Stortinget

- Før var me avhengig av privat kompetanse for kartlegging av ras - det er berre dei seinare åra det har begynt å bygge seg opp kompetanse i NVE, seier Målsnes.

Staten meinar dei gir nok

Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet, Ivar Vigdenes, kan ikkje love noko ekstra rassikringsmidlar til kommunane.

- Behovet for rassikring kjem alltid til å vere større enn midlane me har til rådvelde, seier Ivar Vigdenes.

Han viser til at staten har dobla bevilgningane til rassikring gjennom stryking av NVE sine tiltak rundt om i landet.

Vigdenes seier dei ikkje har planar om å styrke øyremerking til rassikring, men at dette må bli eit tema for neste års statsbudsjett.