Hopp til innhold

Offentlege bygg forfell som aldri før

Kommunane bør prioritere vedlikehald framfor nybygg, meiner forskarar.

Høyanger skule

FORFALL: Høyanger skule er ein av mange offentlege bygg som forfell.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Tilstanden til offentlege bygg i Norge er no så dårleg at ein bør vudere byggestopp for å få halde ved like dei byggga ein har.

Det er konklusjonen i ein ny forskingsrapport som har vurdert klimaendringane sine konsekvensar for kommunal og fylkeskommunal infrastruktur.

Milliardar i etterslep

Leiar for forskingsprosjektet, Carlo Aall, trur det vil koste godt over 100 milliardar kroner å få sette i stand alle offentlege bygg.

– No må vi prioritere og ta vare på det vi har, før vi byggjer nytt og dreg på oss endå meir vedlikehald, seier Aall til NRK.no.

Han seier dei nasjonale tala varierer frå 94 til 142 milliardar kroner i vedlikehaldetterslep - og då snakkar ein berre om offentlege bygg.

– Vi må styrke vedlikehaldet

Carlo Aall

FORSKAR: Carlo Aall

Foto: Arve Uglum / NRK

Du har nok sett det med sjølvsyn; skular, sjukeheimar og rådhus der malinga flassar, innelufta er dårleg, og bøtter på golvet samlar vatn frå taket. No slår prosjektleiar Carlo Aall og eit knippe forskarar alarm.

Det er Vestlandsforsking i Sogndal, Sintef i Trondheim og Bjerknessenteret i Bergen som har sett på konsekvensane klimaendringane vil få for kommunal og fylkeskommunal infratruktur.

Røffare vêr vil kunne ta knekken på allereie fallferdige offentlege bygg, fryktar Aall.

– Det dreier seg om korleis vi byggjer husa våre i framtida og korleis vi tek vare på dei. Vi må styrke vedlikehaldet, og vi må byggje hus etter det klimaet som ventar oss. Idag driv vi og river skulebygg som er 25 år gamle, og det gir inga meining, seier Aall.

Teke det opp med politikarane

KS-leiar Halvdan Skard er ikkje overraska over rapporten. Han trur vedlikehaldsetterslepet kan vere meir enn 94 milliardar kroner.

– Vi har peika på dette ei rekkje år, og vi har teke dette opp med regjering og storting. Vi må ta eit krafttak for å få betre vedlikehald, seier Skard.

– Det blir etter kvart slik at offentlege bygg blir dårlegare halde ved like enn mange private bygg. Skulane blir dårlegare enn heimen. Det er klart at heimen skal vere bra, men skulen skal også vere bra, seier han.