Hopp til innhold

Erna Solberg vil ikkje seie noko som sjukehusstrukturen

Høgre-leiar Erna Solberg ville ikkje ta stilling til kva innhald sjukehusa i fylket skal ha. I dag vitja ho fylkesårsmøtet i Høgre.

Erna Solberg på fylkesårsmøtet til Sogn og Fjordane Høgre

VIL IKKJE MEINE: Erna Solberg, leiar i Høgre, ville ikkje meine noko om sjukehusstrukturen i Sogn og Fjordane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Det er vanskeleg å seie noko om sjukehusa i Sogn og Fjordane, men alle sjukehus kan ikkje ha alt, seier Solberg til NRK.no.

Ville ikkje meine noko

Ho ville ikkje meine noko om sjukehusstrukturen i fylket. Ho ville ikkje svare NRK.no på om det bør vere føde- og akuttilbod på lokalsjukehusa på Eid og i Lærdal.

Men fylkespartien kan komme til å krevje både føde- og akuttilbod i deira program. Kva meiner du om det?

– Det må dei få lov til å krevje, men vi på Stortinget har per i dag ikkje noko grunnlag for å ta ei slik avgjerd om framtidas sjukehusstruktur, svarar Solberg.

Fylkesårsmøtet i Høgre skal i dag avgjere kva partiet skal meine om innhaldet i sjukehusa i fylket. Sogn og Fjordane Høgre sitt helsepolitiske utval går inn for at det skal vere både akutt- og fødetilbod på sjukehusa også i framtida.

Dei viktige sakene

Høgre-leiaren la fram fire saker som ho vil leggje stor vekt på i valkampen til hausten; kvalitet innan helse og omsorg, kunnskap i skulen, trygge lokalsamfunn og betre vegar.