Hopp til innhold

Tre NM-gull på litt over ei veke

Johannes Thingnes Bø var heilt suveren i mål på 15 km fri i junior-NM i Selbu. Med heile 40 sekund ned til nestemann var det aldri tvil om kven som kom til å stikka av med sigeren.

Johannes Thingnes Bø

GULL: Johannes Thingnes Bø var heilt suveren i sin klasse idag. Her frå sesongopninga i skiskyting på Beitostølen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Det har dermed vore ei svært gullrik veke for ungguten frå Stryn. Sist helg tok han nemleg to gull i junior-NM i skiskyting, og auka no behaldninga med eit gull i langrenn i tillegg. Bø er svært nøgd med at han klarte å hevda seg i ein langrennskonkurranse.

– Det er alltid kjekt å visa at skiskyttarar kan gå fort på ski, så det var kjekt å få det til i dag, seier Bø.

Melding frå storebror

Han synst ikkje sjølv at han gjekk superfort, men han klarte å halda eit jamt tempo under heile løpet. Akkurat no går storebror Tarjei siste etappe på stafetten i VM, og Johannes fekk i går ei tekstmelding.

– Han ønskte meg lykke til, og kom med nokre små tips om kva eg skulle prøva på i dag, seier Bø.

Skiskyting

Det er skiskyting han vil satsa på, men ser ikkje bort i frå at det også blir ein del langrenn i tida som kjem.

– For å hevda seg i skiskyting må ein gå fort på ski. Dei beste skiskyttarane heng med dei beste langrennsløparane, så eg kjem nok til å gå ein del langrenn framover, seier Bø.

Og til dei som meiner at skiskyting er for langrennsløparar som går for tregt til å hevda seg, har han ei klar melding:

– Det har eg høyrt litt vel mange gonger av langrennsløparar, så det var herleg å setja dei på plass i dag, seier Bø.

Junior-NM

20 løparar frå Sogn og Fjordane deltek i junior-NM. Gjøran Tefre frå Førde IL gjekk inn til ein sterk 10. plass i 17-års klassen. Resten av resultata kan du finner her.