Hopp til innhold

Unge vert «straffa» med oppfølging

Heile tre av fire kriminelle ungdomar gjer nye lovbrot. No skal kommunane slutte å straffe dei unge, og i staden hjelpe dei med problema som er årsak til lovbrota.

Ungdom

FÅR OPPFØLGING: Kriminell ungdom skal på tett oppfølging i stadenfor bøter og fengsel.

Foto: Odd Rømteland / NRK

- Tidlegare straffa vi negativ åtferd med negative sanksjonar. No tek vi i bruk ein alternativ straffereaksjon, seier direktør i Konfliktrådet, Per Andersen.

- Bøter og fengsel fungerer ikkje

Konfliktrådet skal no bli langt meir aktive når ungdomar gjer seg skuld i alvorleg kriminalitet.

I dag vert dei stort sett straffa med bøter og fengsel, men tal frå Statistisk sentralbyrå viser at tre av fire ungdomar under 18 som vert straffa på denne måten – gjer nye lovbrot.

Andersen seier konfliktrådet no vil opprette oppfølgingsteam i kommunane som skal hjelpe ungdommane med problem knytt til rus og aggresjon.

- Vi har sett at fengsel og bøter ikkje fungerer så veldig bra på ein del av ungdomane. Difor forsøker vi no å utvikle eit nytt konsept, som er betre tilpassa denne målgruppa, seier Andersen.

Vert testa ut i seks fylke

Ungdomane skal få slik hjelp kan til dømes ha gjort seg skuld i alvorleg valdskriminalitet, ran, narkotikakriminalitet fortel Andersen.

Sogn og Fjordane er eitt av seks fylke som oppretter slike eigne oppfølgingsteam i kommunane. Dei skal hjelpe ungdomane med problem knytt til rus og kontroll av sinne.

Oppfølginga skjer i eit samarbeid mellom helsevesen, barnevern, skule og politi.

- Det er forskjellige tiltak, som til dømes rusmeistring, rusbehandling eller hjelp mot sinneproblematikk. Det kan for eksempel bidra til at ungdomane ikkje er valdelege meir, seier Andersen i Konfliktrådet.

Politiet positive til tiltaket

Jan Egil Tvinde

POSITIV: Lensmann Jan Egil Tvinde i Førde er positiv til Konfliktrådet si satsing på oppfølging.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

I Førde rosar lensmann Jan Egil Tvinde tiltaket. Spesielt fordi det rettar seg mot dei som har ein vanskeleg bakgrunn.

- Ikkje har like god ballast med seg frå heimane sine. Dessverre er det ofte slik at det er desse som kjem skeivt ut. Ofte treng dei hjelp, og det kan dei gå på ein god måte gjennom slike oppfølgingsteam, seier Tvinde.