Hopp til innhold

Sette norske rekordar i fleng

Styrkeløftarane frå Sogn og Fjordane sette norske rekordar i fleng under Regionmeisterskapen i helga.

Med nye vektklassar frå nyttår, er det mange nye rekordar å kjempe om. I helga sette Mats Daniel Skrede frå Jølster standarden med totalt 770 kilo i klassa 120kg.

20-åringen fekk opp 290 kilo i knebøy, 190 kilo i benkpress og 290 kilo i markløft.

- Både totalen og markløftet vart norske rekordar, seier han.

Verken nøgd eller misnøgd

Jølstringen var suveren vinnar av klassa, med over 125 kilo å gå på til nest sølvplassen. Dette på trass av at berre fekk ein halvtime på puta natta før.

- Eg skulle sove på eit liggeunderlag på golvet. Så eg var drittrøytt under heile stemnet. Det blir hotell frå no av, ler han og legg til:

- I tillegg har eg vore plaga med betennelse i kneet, og ikkje kunne trene knebøy sidan jul. Såleis er eg verken nøgd eller misnøgd med resultata, seier kraftpluggen.

Løfteutstyr

Stemnet i Haukelandshallen var det første der Skrede løfta med alt støtteutstyret.

- Det kjendes ut som om hovudet skulle sprenge. Det blir meir krevjande å løfte, men får ein inn teknikken så er det sikkert nokre kilo å hente der. På trening før jul hadde eg 280 kilo i markløft før jul med støtteutstyr, seier han.

Talentfull

Årets EM-tog har allereie gått, men med gode resultat på dei neste stemna meiner «Mr. Benkpress», Alexander Kirketeig frå Førde, at VM kan vere innan rekkjevidde.

- Mats Daniel er eit veldig stort talent. Han er strukturert, viser gode prioriteringar og skundar seg langsamt. Han kunne vore med for eit par år sidan, men har gjort rett å i staden terpe på teknikken. Eitt par stemne til med gode resultat, så kan han bli teken ut på landslaget, meiner han.

- Ikkje comeback

Kirketeig har eigentleg lagt opp, men stilte sjølv i Regionmeisterskapen.

Styrkeløftaren som i si tid var mellom europas beste, vann 93 kilosklassa med 595 kilo totalt etter 200kg i knebøy, 140 kg i benkpress og 255 kg i markløft.

- Eg var med for moroskuld, så det er ikkje tale om noko comeback, seier han.

Norske rekordar

Fredrik Eskil Myrvang frå Førde sette norsk rekord i benkpress i 53 kilosklassa med 120 kilo. Norsk rekord vart det også på tre av løftaran frå Sogn.

Veteranen Arild Kråkenes sette norsk rekord i styrkeløft benkpress med 220 kilo. Årdølen løfta i 105 kilosklassa. Han var også på nippet til å sette norsk rekord i enkeltløft benkpress. Kråkenes prøvde seg på både 247,5 kilo og 242 kilo.

- Om fem veker er det NM og då skal eg greie enkeltpress rekorden. Tre veker etterpå er det veteran-VM som eg er utteken til, seier årdølen.

Fleire resultat

Norsk rekord vart det også på Dag André Mo og Roger Navarsete. Sistnemnde sette rekord i benkpress med 205 kilo.

Mo som stilte i opa klasse fekk opp eit løft på 265 kilo i benkpress. Han prøvde seg også på 275 og 282 kilo.

Videre vann Mariann Liland frå Førde 72-kilosklassa med 330 kilo. Ola Røyrvik frå Førde vart nummer to i 105 kilosklassa med 150 kilo i benkpress. Arnt-Krister Kjelsnes var einaste deltakar i 120 kilosklassa, der han løfta 155 kilo i benkpress.

Jonas Nyløy Navarsete (Sogndal) vann Benkpress enkeltløft i 83 kilosklassa med 130 kilo.