Hopp til innhold

Nytt OL-sølv til junior-Bø

Johannes Thingnes Bø gjekk Norge inn til olympisk sølvmedalje på dagens mixstafett i skiskyting.

Johannes Thingnes Bø

SIKRA SØLVET: Johannes Thingnes Bø gjekk Norge opp frå fjerdeplass til sølvmedalje på dagens mix-stafett i Ungdoms-OL.

Foto: Rune Fossum

Johannes Thingnes Bø leverte ein fantastisk serie på siste ståande. I løpet av 16 sekund plaffa stryningen ned samtlege blinkar. Serien sikra Norge det olympiske sølvet, melder strafferunden.no.

Med sju strafferunder til dei norske skiskyttarane, vart det langt opp til Tyskland. Tyskarane noterte seg for berre ei strafferunde.

På det norske laget gjekk Hilde Fenne, Rikke H. Anderse og Aasmund K. Steien dei tre første etappane. Stryningen gjekk Norge frå fjerde til andre plass.

Fredagens medalje er Thingnes Bø si tredje av tre mogelege, i den olympiske ungdomsmeisterskapen i tsjekkiske Liberec.

Tysdag vart det sølv på normalprogrammet , medan det onsdag vart metall av edlaste sort på sprinten .