Hopp til innhold

Prestisjetung pris til Havyard-skip

«Seven Havila» fekk onsdag kveld den høgthengande tittelen årets offshoreskip.

Pris til Havyard Leirvik

GLEDE: Njål Sævik (i midten), på vegne av JV Havila Shipping og Subsea 7 og Geir Johan Bakke (t.h.) på vegne av Havyard tok imot prisen i London tysdag.

Foto: Pressefoto

Dykkarskipet som vart ferdigstilt ved Havyard Leirvik i september i fjor, fekk flest røyster i ei verdsomfattande avrøysting i kamp mot tre andre offshore farty.

Båten er no eigd av reiarlaget JV Havila Shipping og Subsea 7. Prisen vart overrekt under ei av verdas mest prestisjetunge offshorekonferansar i London.

Seven Havila

ÅRETS OFFSHORESKIP: Havyard Leirvik-bygde Seven Havila er kåra til Support Vessel of the Year 2011.

Foto: Pressefoto

- Havila Shipping set stor pris på denne tildelinga, og vi er godt nøgde med at «Seven Havila» nådde heilt opp i kåringa. Utmerkinga viser at vi har eit godt samarbeid med Subsea 7 og at Havyard har gjort ein solid jobb med å designe og bygge skipet til tilfredsstillelse for alle involverte partar, seier administrerande direktør Njål Sævik i Havila Shipping.

Dåpsgåve

Skipet er spesialbygd for undervassoperasjonar assistert av metningsdykkarar. Heilt frå byrjinga har skipet blitt designa for å passe til dei avanserte systema for metningsdykking.

«Seven Havila» er det mest avanserte og moderne dykkarskipet i verda. Torsdag 17. mars blir det offisielt døypt i Stavanger.

- Dette er ei fantastisk stadfesting på at den utviklinga vi har hatt i Havyard Group dei siste fem åra, har vore både rett og viktig, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group.