Hopp til innhold

Ferjelemmen ramla i sjøen

Ferjelemmen i Lavik har ramla i sjøen. Det skjedde i det ei ferje skulle leggje til kai .

Ferjelem i sjøen i Lavik

KOLLAPSA: Ferjelemmen ramla rett i sjøen då ferja skulle legge til.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Ferja Gloppen

Ferja Gloppen kunne ikkje leggje til kai, og måtte sette kursen mot Rysjedalsvika

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Klokka 18 opplyser Fjord1 at feilen er retta og at ferjene går som normalt igjen mellom Lavik og Oppedal. Første avgang frå Lavik blir klokka 18:30.

Driftsvakt i Fjord1, Terje Stub, seier at dei har hatt tekniske problem i dag.

– Det var problem i nokre hydraulikkslangar. Dette gjorde at lemmen blei liggande i sjøen, og vi fekk ikkje løfte den opp.

Omkøyring via Rysjedalsvika

Ferjelemmen ramla i sjøen i Lavik
Foto: Jonas Sætre / NRK

Det er vanlegvis mykje trafikk på ferjesambandet Lavik - Oppedal på E39.

Dei som kom med ferja frå Oppedal blei sett av i Rysjedalsvika, noko som medførte ein halvtime ekstra ferjetur. Dei som kom til ferjekaia i Lavik, måtte også køyre dit.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.