Hopp til innhold

Legesenter slått ut av lyn

Eit kraftig lynnedslag før helga gjer at Hauge legesenter i Bremanger ikkje lenger kan kommunisere som normalt med omverda.

Lyn

NEDSLAG: Fredag slo lynet ned ved Hauge legesenter i Bremanger.

Foto: Ivar Marthinusen

Det var fredag at eit skikkeleg ruskevêr førte til problem for legekontoret i Ytre Bremanger.

Problem med telefon

- Fredag etter stengetid gjorde eit lynnedslag slik at vi mista både telefon og datasystem, seier driftssjef for familie og Helse Anita Brevik i Bremanger kommune.

Sjølv om det sidan måndag har vore folk fysisk tilstades på legesenteret har lynnedslaget bydd på problem, fortel Brevik.

- Det vanlege telefonnummeret har blitt vidarekopla til ein mobiltelefon. Men her vert det veldig fort kø slik at folk opplever at det er vanskeleg å få tak i oss, seier Brevik.

Håpar at ting er i orden til fredag

Legane som er på senteret kan framleis hjelpe folk, men dei har problem med å kome inn på pasientjournalane.

- Vi håpar at ting er i orden i løpet av fredagen, seier Brevik til NRK.no.