Hopp til innhold

Reknar med ventetid på ferjene

Fjord1 forventar lange køar på Lavik - Oppedal vesle julaftan. Men det er uaktuelt å setje inn ekstraferje.

Ferjekaia på Oppedal

VENTAR KØ: Det kan bli trongt om plassen på ferjekaia på Oppedal utover dagen vesle julaftan.

Foto: Torbjørn Sognnes

– Eg ser ikkje vekk i frå at det kan bli ventetid på delar av ettermiddag og tidleg kveld. Men erfaringsvis er juletrafikken mindre enn i samband med andre høgtider, seier Torbjørn Vik i Fjord1.

- Men folk som skal ut og reise i morgon, må rekne med ventetider, stadfestar han.

Lavik - Oppedal kan bli flaskehals

Sidan julehelga i år har få ekstra fridagar, ser Fjord1 at juletrafikken i sterkare grad enn elles kan bli konsentrert til vesle julaftan.

Ferjesambandet Lavik - Oppedal har ofte vist seg å bli ein flaskehals når trafikken blir stor.

LES OGSÅ:

Men: Fjord1 har ingen planar om å setje inn ekstra ferje på det utsette sambandet.

Ekstra ferje kostar mykje pengar

I dagens system må Statens vegvesen inn og betale ekstra, dersom det skal setjast inn ekstraferjer ved behov.

- Vi har ikkje budsjettert med ekstra ferjemateriell. Det kostar relativt mykje pengar, og ferjemateriellet må også vere disponibelt - saman med mannskapet, seier rådgjevar Lise Olsmo i Vegvesenet.

Ferjekaia på Oppedal
Foto: Torbjørn Sognnes