Hopp til innhold

Etterforskar mistenkjeleg dødsfall

Ein mann i 20-åra vart funnen død i Sogndal onsdag morgon.

Jan-Tore Thue
Foto: Arne Eithun / NRK

- Eg kan stadfeste at vi gjennomførte taktiske og tekniske undersøkingar i samband med eit dødsfall i Sogndal, seier lensmann Jan Tore Thue til NRK Sogn og Fjordane.

- Kvifor er det mistenkjeleg?

- Når me finn ein person liggjande død åleine, er det våre rutinar å etterforska dette, seier han.

Reagerer på unaturleg dødsårsak

Politiet rykte ut onsdag morgon, etter å ha fått eit tips om dødsfallet. Etter det NRK Sogn og Fjordane forstår skal dødsårsaka vera unaturleg.

- Han vart sist sett i live tysdag kveld, fortel politibetjent Rita Skjeldestad til NRK Sogn og Fjordane.

Har vore i kontakt med Kripos

Den døde mannen i slutten av 20-åra vart funnen i bustaden sin i Sogndal sentrum, og er ifølgje Sogn Avis send til Gades Institutt for obduksjon.

- Me ventar å få svar på obduksjonen i løpet av kort tid, fortel Skjeldestad.

Politiet i Sogndal har vore i kontakt med Kripos, men har teke seg av åstadsgranskinga sjølv.