Hopp til innhold

Omkom i husbrann

Ein person er stadfesta omkomen etter ein bustadbrann ved Åse i Gaular.

Brann i Gaular

FULL FYR: Eit bustadhus i Gaular står i full fyr.

Foto: Steinar Lote / NRK

Politiet fekk melding om brannen på Åse litt over klokka sju tysdag kveld. Brannmannskap kom til staden etter kort tid, men då var huset overtent.

Henta ut av røykdykkarar

– Røykdykkarar tok seg inn i huset, og kort tid etter vart ein person henta ut og konstatert omkomen, seier operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Det er spreidd busetnad i området, og det skal ikkje vere fare for at brannen skal spreie seg til andre hus.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Brann i Gaular

SJÅ TV-BILETE: NRK Dagsrevyen 21.

Ingen fleire i huset

– Det skal ikkje ha vore fleire i huset då brannen starta. Det var naboar som oppdaga brannen og melde frå til brannvesenet, seier Vereide til NRK.no.

Klokka ni brann det framleis i huset, og brannvesenet hadde då ikkje kontroll på flammane.

– Det pågar framleis hektisk slokking. Det er mykje varme i bygget, men vi har no kontroll over situasjonen, seier vaktleiar Frode Korneliussen ved Alarmsentralen Sogn og Fjordane ved 23-tida.

Det vil bli vakthald på staden utover natta og åstadsgransking vil bli gjort så snart det let seg gjere, opplyser politiet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.