Hopp til innhold

Nattjakt kan bli ulovleg

Strid om nattjakt kan føre til forbod.

Hjort
Foto: Hallstein Dvergsdal

Ved fleire tilfeller dei siste åra har jegarar hamna i rettsaker på grunn av jakt i mørkret. Men sakene har ende med frikjenning rettystemet.

Kan ende med forbod

- Dette har vist at oppfatninga av regelverket er forskjellig, og at det trengs ei klargjering, hevdar Ingebrigt Stensaas i Direktoratet for Naturforvaltning.

Problemet er at det ingen plass i lovverket er paragrafar som regulerer jakt i mørkret. Det er op til kvar enkelt jeger å vurdere om lyset er godt nok til jakt og ikkje minst ettersøk.

- Jakt er definert heilt fram til ein har tileigna seg viltet, og det vil seie at ettersøk er ein del av sjølve jakta.

Rettsaker har enda med frikjenning

Direktoratet for Naturforvaltning har sett ned ei såkalla nattjakt-gruppe i eit forsøk på å klargjere regleverket. Dei siste åra har fleire jegarar på Vestlandet blitt meldt til politiet men sakene har enda med frikjenning.

I følgje Stensaas kan arbeidet ende med eit framlegg om å forby jakt i mørkret.

Jegerane protesterer

Norges Jeger og Fiskeforbund protesterer derimot mot forbod. Webjørn Swendsen i forbundet seier dei ikkje kan godta noko slikt.

- Vi meiner dette ikkje er ei god løysing. Verken ut frå dyrevelverd eller ut frå omsynet til å forvalte ein i dag for stor bestand av hjort.

Innstillinga frå nattjakt-gruppa er venta å kome før nyttår. Eit eventuelt framlegg om forbod vil bil lagt ut på høyring.